🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - Forslag av regulering av innsyn i havvindsøknader

Anne Grete Johnsen

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Eg syner til høyring datert 25.09.2023:

«Olje- og energidepartementet har åpnet høring av forslag om endringer i offentlegforskrifta § 9 og forslag til en ny bestemmelse i havenergilovforskrifta».

Departementet ønskjer å gjere unntak i innsyn i søknadar og protokollar i saker som omfatta prekvalifisering og tildeling av prosjektområder for vindkraft til havs.

Eg ser ikkje behovet for å innskrenke retten til innsyn i havvindsaker slik departementet føreslår. Det er fleire grunnar som taler mot.

Offentleg innsyn er ein viktig del at demokratiet. Innskrenking av innsynsrett kan føre samfunnet i ein meir udemokratisk retning. Det er også viktig at pressa og media skal kunne ha eit kritisk blikk på prosessane rundt slike tildelingar av oppdrag. Og ikkje minst viktig å ha innsyn i kven som får oppdraget med å vurdere slike viktige prosjekt, som havvind er med alle dei natur – og økonomiske konsekvensar havvind medfører.

Dei inngrep i natur, fiskerinæringa og tryggleik for skipsfart havvind medfører.

Utbygginga av havvind medfører store inngrep i havet og kysten sitt økologiske system. Havvind grip inn i forvalting av fiskeri, gyteområde, fugletrekk og kan medføre uante konsekvensar for liv og straumar i havet. Det kan også medføre fare for skipsfart i vêrharde periodar.

Til og med EU går har kome med at ein har ikkje nok kunnskap om konsekvensar.

Eg meinar at det ikkje er forsvarleg å legge opp til at slike prosjekt skal leggast ut i det opne marknaden med fare for store selskap med særinteresser kan bli sett til å vurdere slike utbyggingar. Når det likevel skjer er innsyn viktig både for å førebygge og etter prøve slike tildelingar.

Habilitet og inhabilitet

Habilitetssakene som har vore blant sentrale politikarar over ein lang periode er også ein god grunn til å behalde innsynsretten. Det er i dag sentrale politikarar som eig aksjar, eller har nære familiemedlemmar som eig i selskap som blir påverka av politiske vedtak. Om dette er situasjonen også i embetsmannsverket er det vel lite oversikt over i dag. Det er viktig at samfunnet kan føle seg trygge på at saker som omhandlar prekvalifisering og tildeling av prosjektområder for vindkraft til havs skjer utan mistanke om innhabilitet.

Det trengs lovfesta rammer for offentlege innsyn i havvindsakene og eg går dirfor i mot framlegget til endring i offentlegforskrifta § 9 og forslag til en ny bestemmelse i havenergilovforskrifta.