Høyringsuttale til Kunnskapsdepartementet på forslag til regler om avverging av skade og bruk av fysisk inngripen i ny opplæringslov og privatskoleloven frå Time kommune.
§ 13-3 Plikt til førebygging
Departementet foreslår
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at skolen driv eit kontinuerleg og systematisk arbeid for at det ikkje skal oppstå situasjonar der tilsette grip inn fysisk mot elevar.
Time kommune støttar i hovudsak departementet sitt forslag. men foreslår å endra ordlyden i paragrafen.
Departementet foreslår:

Time kommune foreslår å endra lovteksten til:
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at skolen driv eit kontinuerleg og systematisk arbeid for at det ikkje skal oppstå situasjonar der tilsette treng å gripa inn fysisk mot elevar.
Grunngjeving for å endra ordlyd, er at det i departementet sitt forslag kan føra til ei tolking om at det er dei tilsette som er skuldige.
§ 13-4 Fysiske inngrep for å avverje skade
Departementet foreslår
Tilsette i skolen kan gripe inn fysisk mot elevar når det er nødvendig for å avverje skade på personar eller for å avverje vesentleg skade på eigedom.
Time kommune støtter forslaget då dette vil kunne vera eit viktig reiskap i å skapa ein trygg kvardag og skåning av medelevar. Det er uttrykt av skulane at dette også bør omhandla moglegheita for å kunna leia ein elev fysisk ut frå klasserommet viss eleven skapar uro og gjer det utrygt i klasserommet jf opplæringslova §9a.
Departementet foreslår
Tilsette kan også gripe inn fysisk mot elevar som viser ei åtferd som er sterkt sosialt fornedrande og det vil vere ei klar forsømming av skolens plikt til å yte nødvendig omsorg ikkje å gripe inn.
Time kommune er einig i departementet sitt forslag, men det bør definerast kva som er sterkt sosialt fornedrande slik at lovteksten blir meir tydeleg.
Departementet foreslår
Dei fysiske inngrepa må vere eigna til å hindre eller avgrense skaden, og dei skal vere så få, kortvarige og skånsame som mogleg.
Time kommune støttar departementet sitt forslag.
§ 13-5 Dokumentasjon og meldeplikt
Departementet foreslår
Ein tilsett som har nytta fysiske inngrep etter § 13-4, skal melde frå om det til rektor. Rektor skal melde frå til foreldra til eleven. Rektor skal melde frå til kommunen eller fylkeskommunen dersom det er nytta fysiske inngrep mot den same eleven gjentatte gongar, eller dersom inngrepet er særleg alvorleg.
Time kommune ser at dokumentasjon skapar tryggleik for alle partar. Det bør vera opning for at den tilsette som har vore i situasjonen, melder frå til føresette etter å ha meldt rektor.
Departementet foreslår
Skolen skal dokumentere det fysiske inngrepet med ei kort beskriving av hendinga og inngrepet som vart gjort, og eleven sitt syn på saka.
Time kommune er einige i departementet sitt forslag, då det er viktig at alle partar blir høyrte. Det er viktig at krav til dokumentasjon ikkje medfører for stor saksmengd.