Svar på høyring – forslag om endringar i forskrift om opptak til høgare utdanning
Høgskulen i Innlandet støttar hovudsakleg forlaga som er fremja men har to innspel til høyringa.
Ang forslaget om endring i forskriftas §2-2 (2)
3. Bestått studium i høgare utdanning på minst 60 studiepoeng i norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar
Høgskolen støttar forslaget om at eit kvalifiserande studium ikkje skal får utteljing i studiepoeng, men meiner at endringa bør ha lengre varslingstid på grunn av dei økonomiske konsekvensane det har for institusjonane som tilbyr studiet i dag. Å fjerna studiepoenga med eit pennestrøk over natta har store økonomiske konsekvensar som institusjonane bør få lengre tid til å retta seg etter og få vurdera om dette er eit tilbod dei har høve til å halda oppe.
Høgskolen i Innlandet vil også bruka høyringsrunden til å notera at ordninga med særskild vurdering av søkjarar beskrive i forskriftas §7-13 bør revurderast.
Ordninga er vanskeleg å forstå for søkjarar og gir unødvendig mykje arbeid for institusjonane og særs få søkjarar kan oppfylla krava forskrifta stiller.
Høgskolen i Innlandet meiner at eit feilaktig bilete av søkjars karakterar er eit område som høyrer til i vidaregåande skule og elevar bør ikkje kunna gå ut av vidaregåande skule utan å ha fått høva til å klaga på karakteren sin der, om dei meiner dei ikkje har fått ei rett vurdering av dei faglege kvalifikasjonane sine. Rettane til elevar bør kunna varetakast av den vidaregåande skulen. Institusjonane har ingen fagleg kompetanse til å vurdera om søkjarar har eit høgare fagleg nivå enn det sluttkarakterane deira viser.
Høgskulen støttar dei resterande forlaga fremja.
Høgskolen i Innlandet