Nasjonalt fagorgan for norsk som andrespråk viser til departementet sine forslag til endringar i forskrift om opptak til høgare utdanning (opptaksforskrifta), med høyringsfrist 22. september 2023. Her er Nasjonalt fagorgan sine merknader til endringsforslaga 1.1. og 1.2.
1.1. Fagorganet foreslår at departementet held på ordlyden: “Bestått studium i norsk språk og samfunnskunnskap på minst 60 studiepoeng for utanlandske studentar”.
Fagorganet meiner at presisering med referanse til konkrete studiar og studiepoeng gir tydelege signal om omfang og arbeidsmengd. Difor støttar vi ikkje forslaget til endringa og meiner at dagens ordlyd bør behaldast.
Nasjonalt fagorgan er ueinig i departementet si vurdering av at Norsk språk og samfunnskunnskap ikkje er å rekne som høgare utdanning. Studia har klart definerte læringsmål innanfor språk, samfunnsfag, litteratur og akademisk skriving. Norsk språk og samfunnskunnskap kan sjåast parallelt med mange andre språklege emne som vert tilbodne ved høgare utdanningsinstitusjonar, der utvikling av språkferdigheiter er eit mål, til dømes russisk, ukrainsk, osb.
Nasjonalt fagorgan i norsk som andrespråk er uroa for at bortfallet av studiepoeng kan føre til at høgare utdanningsinstitusjonar ikkje klarar å finansiere desse studietilboda. Dette kan føre til at til dømes flyktningar og andre utanlandske borgarar med akademisk bakgrunn vil få færre sjansar til å nytte kvalifikasjonane sine i Noreg.
KDs forslag til endring av ordlyd tek utgangspunkt i Prop. 126 (2022-2023) Lov om universitets og høyskoler og følgjande særmerknad:
«Utdanning som universiteter og høyskoler tilbyr for å gjøre en person kvalifisert for høyere utdanning, kan ikke gi uttelling i studiepoeng da dette ikke er å anse som høyere utdanning. Dette gjelder for eksempel forkurs for ingeniørutdanning eller norsk språk og samfunnskunnskap for utenlandske studenter.»
Den nye UH-lova er framleis under handsaming. Nasjonalt fagorgan i norsk som andrespråk har ikkje kjennskap til at særmerknaden og konklusjonen om bortfall av studiepoeng, har vore gjenstand for høyring. Ved eventuell bortfall av studiepoeng vil ikkje denne utdanninga telje med i Kunnskapsdepartmentets finanseringsgrunnlag for universitetet eller høgskulen noko som kan føre til at desse studietilboda blir fasa ut. Dette er fagorganet uroa over.
1.2 Nasjonalt fagorgan støttar forslaget om at unntaksheimelen for flyktningar ikkje vert vidareført
Fagorganet er usikre på korleis vi skal forstå KDs resonnement i avsnittet om flyktningar, og ynskjer difor å poengtere at flyktningar på ingen måte utgjer ei einsarta gruppe. Vi er ikkje einige i at alle vil nyte best av kommunane sine introduksjonsprogram.
Tvert i mot vil eit universitets- og høgskulestudium i norsk språk og samfunnskunnskap vere eit viktig komplimenterande tilbod for flyktningar med akademisk bakgrunn, men som manglar norskkunnskapar. Dei kan i løpet av eitt år få tileigna seg norskkunnskapar som gjer at dei anten kan studere på norsk i Noreg, eller få utøve profesjonen sin. I kkje alle kommunale tilbod (eller vidaregåande skuler) har moglegheit til og/eller tilgang på lærarkompetanse til å sette opp eigne kurs for denne målgruppa. Nasjonalt fagorgan vil trekke fram rapporten til Staver med fleire (2019), der dei mellom anna gjer greie for kor vidt innvandrarar med høgare utdanning bør få tilbod om norskopplæring på universitet/høgskule: https://oda.oslomet.no/oda-xmlui/bitstream/handle/20.500.12199/2934/2019-20.pdf?sequence=1&isAllowed=y .
Vi siterer følgjande argument frå rapporten:
"Et viktig fortrinn ved å legge undervisningen til universitetet, er at det gir deltakere tilgang til en helt ny samfunnsarena med de ressursene det innebærer. På universitet kan deltakere potensielt utvikle sitt sosiale nettverk, orientere seg om muligheter for videre studier, utvikle sine faglige interesser, og få karriereveiledning som er tilpasset personer med høyere utdanning." (Staver et al., 2019, s. 77)