🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - Varselutvalgets rapport - Fra varsel til læring og forbedring

Det helsevitskaplege fakultetet, UiT - Noregs arktiske universitet

Departement: Omsorgsdepartementet 1 seksjoner
Det helsevitskaplege fakultetet ved UiT – Noregs arktiske universitet takkar for invitasjonen til å gje høyringsinnspel til Varselsutvalgets rapport «Frå varsel til læring og forbetring». Utvalet har vurdert varselordningane til Staten sitt helsetilsyn og Statens undersøkelseskommisjon for helse- og omsorgstenesta og kjem med ei rekke forslag for å betre ordninga. Etter som Helsefak vurderer det, vil dei foreslåtte tiltaka føre til at ein i større grad kan lære av erfaringar med uønska hendingar og nesten-alvorlege hendingar og dimed få eit betre og breitt grunnlag for å identifisere risikoområde og område for forbetring.

Utdanningssektoren nemnes i overraskande liten grad i rapporten. Utdanningsinstitusjonane og studieprogramma utdanner helsepersonell, som har ei viktig rolle i varsling og forbetringsarbeid i helse- og omsorgstenestene. Gjennom forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helsetenesta, stilles det krav til at det i helse- og omsorgstenesta skal vere eit systematisk arbeid med kvalitetsforbetring og pasient- og brukarsikkerheit. Helsefak er einig med utvalet i at studentane må få plass til å diskutere haldningar, reaksjonar og prosessar når alvorlege hendingar skjer. Utdanningane skal også fremme forbetringskompetanse. Slik er tiltaka som utvalet foreslår i tråd med forventningane våre om kva utdanna helsepersonell skal kunne meistre, og Helsefak stiller seg bak forslaga i høyringsutkastet.