🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - Varselutvalgets rapport - Fra varsel til læring og forbedring

Partiet Sentrum

Høyringsuttale frå partiet Sentrum vedrørende varselutvalget sin rapport «Fra varsel til læring og forbedring»
Departement: Omsorgsdepartementet 1 seksjoner
Partiet Sentrum viser til ovanståande rapport og tilhøyrande høyringsbrev og ønskjer å knyta nokre kommentarar til saka.

Rapporten formulerer nokre viktige målsetjingar om at meldeordningar skal auka læring og kunnskapsgrunnlag, og gjennom dette auka kvaliteten i helsetenestene. Partiet Sentrum støttar også at dette arbeidet i enno større grad skal ha systemfokus og at verksemdene skal ha ein stor del av ansvaret for analyser og læring av alvorlege hendingar sjølve. Me støttar også at ein legg vekt på å avgrensa unødig ressursbruk og byråkrati rundt meldeordningane. I sum fell dette for vår del godt saman med eit ønskje om ei justering i retning noko mindre byråkratisering og rapportering og noko meir tillit, ansvar og mynde hos fagfolka i tenestene.

Partiet Sentrum støttar ønskjet om ei sanksjonsfri meldeordning, med fokus på læring og på systemnivå. Samtidig er det openbert at ein framleis treng ei tilsynsordning, som skal etterprøva at retningslinjer, lov og forskrift blir følgde, i tillegg til å påtala evt. brot på desse. Sjølv om desse to målsetjingane har mange likskapar, er dei samtidig i sin natur radikalt ulike. Dersom ein vil oppnå reell tryggleik for sanksjonsfrihet for meldar, noko det er grunn til å tru er svært viktig, framstår det verken heilt logisk eller fullt ut truverdig at det er same instans som skal behandla sakene. Nettopp fordi også me ser det som svært viktig at meldar skal vera trygg på sanksjonsfrihet, og at den vidare saksbehandlinga skal ha utelukkande læringsfokus, vil me i Partiet Sentrum meina at det var mest naturleg å reindyrka desse perspektiva i ein eigen organisasjon. På same måten ville det vera naturleg at både etterprøving og veiledning på systemnivå, i tillegg til identifisering av utilstrekkeleg kvalitet på individnivå, fortsatt vart gjort med utgangspunkt i tilsynet.

Eit anna viktig moment som me ønskjer å trekka fram, er ønsket om at den instansen som analyserer og kartlegg læringspotensiale i helsetenestene har eit langt vidare perspektiv enn den enkelte verksemda. Truleg bør ein slik instans tvert om kunna sjå ulike deler av landet og ulike nivå i både helseteneste, byråkrati og kanskje også politisk nivå under eitt. Denne fridomen har vel ikkje Helsetilsynet i dag, verken formelt eller erfaringsmessig. Kanskje kan ein, ved å leggja meldeordning og analyser under ein meir fristilt organisasjon, både oppnå meir «ufiltrerte» meldingar og analyser gjort på eit friare og opnare grunnlag.

Som nemnt innleiingsvis, støttar me fokuset på god ressursutnytting og å unngå dobbeltarbeid. Spørsmålet er likevel om hovudproblemet er dobbeltarbeid på grunn av organiseringa eller om det er mangel på gode ansvarsavklaringar og oppgåvedelingar som er utfordringa. Og det er det jo mogeleg å gjera noko med, også utan å «hiva ungen ut med badevatnet».

Partiet sentrum tilrår difor at ein nøye vurderer å organisera den lærande meldekulturen og tilsynet med helsetenestene i ulike einingar, heller enn å leggja alt inn under Helsetilsynet.

Vedtatt av Sentralstyret i Partiet Sentrum, 7. august 2023