🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - Varselutvalgets rapport - Fra varsel til læring og forbedring

Stryn kommune

Departement: Omsorgsdepartementet 1 seksjoner
Høyringssvar frå Stryn kommune v/kommunedirektør, kommuneoverlege og kommunalsjef Helse og sosial.

Varselutvalet peikar på mange sider ved kvalitetsarbeid i helse- og omsorgstenestene, og korleis alvorlege hendingar bør og skal følgjast opp. Helse- og omsorgstenestene på alle nivå har eit stort ansvar for å yte trygge og gode tenester til pasientar og brukarar. Tilsyn og objektive gjennomgangar av hendingar vil vere ein tryggleik for pasientar, brukarar og pårørande når noko går gale.

Stryn kommune stiller seg i all hovudsak bak utvalet sine ni anbefalingar.

Stryn kommune ser det ikkje hensiktsmessig å melde «nesten-alvorlege hendingar» dersom dette skjer sporadisk. Dette må helse- og omsorgstenesta ha ansvar for, og ha tillit til å handtere sjølv. Vi vil likevel stille oss positive til at neste-alvorlege hendingar bør meldast dersom summen av slike hendingar skjer i eit større omfang. Vi er usikre på kvar denne grensa bør gå.

Den primære tilbakemeldinga frå Stryn kommune til vidare arbeid med rapporten er at kommunane må få ein høgare grad av tillit til å kunne avgjere kvar forbetringsarbeidet primært skal skje. Slik ordninga fungerer i dag vil eit eventuelt tilsyn vere svært bunde til Helsetilsynet si vurdering av hendinga. Mykje kapasitet vil gå til å svare ut dette framfor å bruke verdifull tid og ressursar på nødvendig gjennomgang av dei lokale tilhøva som har ført til hendinga, og eventuell retting av desse tilhøva.

Det er viktig at Statsforvaltaren har tilstrekkeleg tid og kompetanse til å utøve rettleiingsrolla si. Det kan opplevast utfordrande at Statsforvaltaren har både rettleiingsrolle og tilsynsrolle overfor helse- og omsorgstenestene. Dette kan føre til at tenestene vegrar seg mot å ta kontakt. Vi ynskjer helse- og omsorgstenestene har lav terskel for å ta kontakt med Statsforvaltar, sett frå eigne lokale utfordringar, og får rådgjeving i aktuelle saker.

Ved eventuelle tilsyn bør helse- og omsorgstenestene få vere med i innleiande runde med Helsetilsyn og/eller Statsforvaltar og definere kva som er det aller viktigaste å gripe fatt i først i den alvorlege hendinga. Sjølv om der kan vere underliggande svakheiter ved systemet i organisasjonen, bør sjølve hendinga og dei lokale tilhøva vere styrande for tidsforløp for ulike forbetringsprosessar.

Når ei hendig først vert fylgt opp frå statleg tilsynsmynde må tidsaspektet (tidsfristar m.m.) vere relativt likt for partane. Ved for lang saksbehandlingstid er det fare for at prosessar går over lenger tid enn nødvendig. Tilsynsprosessar som dreg ut i tid vil verke tærande på organisasjon og tilsette, noko som kan verke mot si hensikt i viktige forbetringsprosessar.

Det aller viktigaste for oss er at vi på alle nivå har ei bevisst og effektiv tilnærming til forbetringsarbeid i tenestene våre, og at vi må ha gode samhandlingsstrukturar for å oppnå dette.