Åseral kommune viser til høyringsbrev av 30. juni 2023 med høyringsfrist 21. august 2023. Høyringssvaret er sendt inn administrativt.
Åseral kommune viser til LVKs høyringssvar datert 8. august 2023, og stiller seg bak dette.
Kommunen vil særleg trekke fram behovet for ei utgreiing med tanke på kva for konsekvensar dei føreslegne endringane kan ha for kommunane sine eigedomsskatteinntekter. Statens endringar i grunnrenteskatten har ved alle seinare lovendringar og justeringer gått på bekostning av og redusert kommunane sine inntekter. Dette er særs uheldig og fører til at kommunane sin økonomiske situasjon blir enda mindre føreseieleg.
Kommunen meiner at dei føreslegne endringane ytterlegare aktualiserer at adgangen til å trekke frå grunnrenteskatten i eigedomsskattegrunnlaget bør opphevast.