Kvam heradsstyre gjev fylgjande uttale til Nasjonal transportplan:
1. Rassikring av riks – og fylkesveg må prioriterast fyrst, og må ha ein eigen post i Nasjonal transportplan. Det må årleg setjast av minst seks milliardar kroner til føremålet.
Kvam herad vil altså spela inn ein hovudprioritet.
Nivået på løyvingane og innsatsen til rassikring må hevast kraftig.
Farlege, rassutsette vegar, særleg fylkesvegar, er eit problem for store delar av folk og næringsliv i heile distrikts-Noreg.
Prioriteringa må skje slik at ein fyrst set av midlar til skredsikring før ein fordeler til andre prosjekt.
Innanfor helse- og sosialpolitikken og i heile den økonomiske politikken søkjer styresmaktene å prioritera fyrst dei som har det største og mest akutte behovet. På samferdsleområdet er det bortimot motsett. Her vert store prosjekt, og prosjekt der standarden er akspetabel frå før, prioritert.
Slik kan me ikkje fortsetja, særleg ikkje i ei samtid der ekstremvér kjem oftare og rashendingar aukar.