Dato: 30.06.2023 HØYRINGSINNSPEL I SAMBAND MED NOU 2023: 10 LEVE OG OPPLEVE Sogndal 30.06.23 Institutt for økonomi og administrasjon ved høgskulen på Vestlandet , campus Sogndal, har lang tradisjon for å tilby reiselivsutdanning og har saman med økonomi og administrasjon tilbydd dette sidan 1984. I dag har me 3 tilbod innan reiseliv der me tilbyr - Bachelor i reiselivsledelse - Bachelor i natur- og opplevelsesbasert reiseliv - Årsstudium i reiseliv. Vi jobbar tett med reiselivsnæringa og har fokus på at utdanningane våre skal vere oppdatert og relevante. Vi har ei eiga forskingsgruppe: Marketing, Tourism & Innovation som er leia av Ove Oklevik. Nær alle dei ekstern finansierte prosjekta er på ein eller anna måte vevd inn i bachelorprogrammet reiselivsledelse og mange av prosjekta som gruppa har vore involvert i er knytt til nettverk vi har opparbeida i løpet av mange år som tilbydar av reiselivsutdanning. Vidare har instituttet lang tradisjon for å samarbeide med Vestlandsforsking og som er ein viktig strategisk samarbeidspartnar for Høgskulen på Vestlandet. Høgskulen på Vestlandet meiner den nasjonale offentlege utredninga «Leve og oppleve » tek opp viktige utfordringar og endringar i reiselivsnæringa. Utredninga er grundig med gode forslag til løysingar. Kunnskap og kompetanse blir ein nøkkelfaktor for å sikre tilrådingane foreslått i Nou’en og det viser at det er behov for høgare utdanning innan reiseliv. Undervisningstilbodet er likevel under press slik det går fram i utredninga. Vi meinar difor det er viktig å understreke at Norge treng å oppretthalde reiselivsutdanning på universitets- og høgskulenivå for å: - Sikre kvalitet og lønsemd i næringa - For å auke status i næringa - For å bidra til ei god og berekraftig besøksforvaltning - For å sikre innovative og berekraftige løysingar til glede for innbyggarar og tilreisande Høgskulen på Vestlandet vil vidare foreslå at ein etablera eit nasjonalt utdanningsforum for reiselivsutdanninga i universitets- og høgskulesektoren med alle tilbydarane av reiselivsutdanning som medlemmer. Formålet med forumet bør vere å drøfte og samarbeide om tiltak for å utvikle statusen til næringa, sikre rekruttering til utdanningane og samstundes bidra til å løyse næringa sitt behov for arbeidskraft og sikre arbeidet med fellesgoder og besøksforvaltning. Utan kunnskap og kompetanse klarar me ikkje å gjennomføre tilrådingane i den foreslåtte NoU'en. Vennleg helsing Insitutt for økonomi og administrasjon , Sogndal Nærings- og fiskeridepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"