🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - NOU 2023:10 - Leve og oppleve - Reisemål for en bærekraftig fremtid

Lom kommune

Departement: Familiedepartementet 3 seksjoner

Reisemålsleiing

Utvalet foreslår ein ny modell for organisering av berekraftige norske reisemål som medfører at det skal etablerast ein reisemålsleiing tilpassa lokale forhald og forankra i kommunane.

Lom kommune meiner det må på plass ein tydelegare definisjon av "reisemålsledelse" samanlikna med "destinasjonsledelse". Sistnemnte vart m.a. innført etter standard 3.0 i merkeordninga for berekraftig reisemål. Fortrinnsvis så bør destinasjonsleiing og reisemålsleiing vere det same for å unngå for mange konstellasjonar. I etablering og formalisering av ei føremålstenleg reisemålsleiing med eit heilskapleg perspektiv er berekraftig reisemål-ordninga eit særs godt reiskap. Kommunen meiner det er viktig at denne ordninga vert styrka og vidareutvikla.

Det kan vere positivt at kommunane sine roller i reisemålsleiinga og besøksforvaltninga blir formalisert i samarbeid med næringa og aktuelle lokale aktørar. Men det må også takast omsyn til at mindre kommunar har avgrensa med ressursar og at det kan vere krevjande å ta denne rolla.

Besøksforvaltning

Det er viktig å sikre god dialog mellom reiselivet og forvaltninga, og at dialogen blir opplevd som nyttig og konkret for begge parter.

Nasjonalparkriket Reiseliv skal starte eit hovudprosjekt støtta av Miljødirektoratet og Innlandet fylkeskommune, som omhandlar «forpliktende samarbeid mellom reiseliv og forvaltning». Dette prosjektet meiner kommunen egner seg som et nasjonalt pilotprosjekt.

Besøksbidrag

«Gratispassasjerproblematikk» har lenge vore gjenstand for diskusjon, og at flest mogleg er med og dreg lasset er eit avgjerande premiss for effektiv reisemålsleiing. Lom kommune stiller seg positive til utvalets skisse til løysning der besøksbidra blir lagt på transportleddet inn og ut av Norge. Dette framstår som den beste løysinga også i eit berekraftsperspektiv, men det er viktig at det blir tatt grep for å unngå at t.d. pendlarar og andre må betale uhensiktsmessig mykje.

Det er mange destinasjonselskap og kommunar som opplev manglande og arbeidskrevjande finansiering for fellesgodetiltak som det er forventa at de skal gjennomføre. Særleg er det vanskeleg å finne pengar til drift og vedlikehald av viktig infrastruktur som t.d. offentlege toalett. Det er derfor viktig at innkrevjinga av besøksbidrag skjer på eit nasjonalt nivå, og at utdelinga av midlane er forutsigbar og lite byråkratisk. Dersom det blir utarbeidd gode nasjonale retningsliner for tildeling så kan det til og med gjere søknadsskriving overflødig, noko som vil redusere administrasjonskostnadane vesentleg, både for fylkeskommunen og for reisemålet. Det er svært viktig at mest mogleg av eit eventuelt besøksbidrag blir kanalisert attende til å finansiere fellesgoder, og at minst mogleg blir brukt til unødvendig administrering og byråkrati. Å vere sertifisert som ein berekraftig destinasjon eller minimum vere i gong med dette arbeidet bør vere eit mogleg kriterium for å få tildelt midlar frå potten. Faktagrunnlaget fordelinga baserer seg på må gje ei realistisk bilete på kva innverknad og belastning reiselivet har på det enkelte reisemål, og gjestedøgns- og teledata bør vera to av mange faktorar som inngår i dette komplekse faktagrunnlaget. Destinasjonsselskapas storleik, mål i tal på tilsette, omsetnad og/eller talet på kommunar ein representerer, ser Lom kommune som særs lite relevante faktorar i denne samanhengen.