Dato: 27.06.2023 Svartype: Med merknad Samrøystes vedtak i Fylkesutvalet - 26.06.2023 , sak U-86/23 Møre og Romsdal fylkeskommune gir følgande innspel til endring i lov av 29. juni 2007 nr. 89 om offentlege styresmakters ansvar for kulturverksemd (kulturlova): 1. Møre og Romsdal fylkeskommune støttar forankringa av kulturlova sin føremålsparagraf i Grunnlova sitt infrastrukturkrav, Grl. § 100, sjette ledd. Det vil sette kulturpolitikken inn i ein breiare samfunnsmessig samanheng som handlar om å legge til rette for ytringsfridom og demokrati. 2. Møre og Romsdal fylkeskommune støttar at armlengds avstand-prinsippet blir lovfesta i kulturlova sin føremålsparagraf §1 som ei overordna rettesnor for utøving av offentleg mynde på kulturfeltet, under følgjande føresetnader: Kulturlova må vere tydlegare når det gjeld kva konsekvensar avgrensinga i § 2a vil få for politiske organ i fylkeskommunar og kommunar, og for saksbehandlinga av ulike tilskotsordningar innanfor det allmenne kulturfeltet. Som ein del av dette må forholdet til kommunelova § 5-3 og forvaltingslova sine klagereglar avklarast nærmare. Slik forslag til § 2a er formulert i dag, er dette uavklart. Departementet må unngå at § 2a svekker regionalt og lokalt sjølvstyre, og unngå at det må opprettast nye organ for å ivareta armlengds avstandprinsippet. § 2a bør innrettast med utgangspunkt i at administrasjonen i fylkeskommunane og kommunane har den nødvendige kompetansen som skal til for å ivareta det nødvendige kulturfaglege skjønnet. Dette vil innebere større grad av delegering frå politisk til administrativt nivå. Departementet bør utgreie på kva måte dette skal heimlast i lov. 3. 3. Møre og Romsdal fylkeskommune støttar forslaget om at avgjerder basert på kulturmiljøfagleg skjønn skal unntakas for armlengds avstand-prinsippet. Det vil vere tilfelle kor kulturmiljøfaglege omsyn må vurderast mot andre samfunnsmessige omsyn. Slike avgjerder må framleis kunne vere gjenstand for politiske prioriteringar. 4. Møre og Romsdal fylkeskommune støttar forslaget om at kulturlova skal ha eit krav om kommunal og fylkeskommunal planlegging på kulturområdet. Det er behov for ei heilskapleg utvikling av rettleiingsmateriell til oversikts- og planarbeidet. Departementet bør ta initiativ til eit slikt samarbeid med KS. Fylkeskommunen kan ta rolla som koordinerande nivå regionalt. 5. Møre og Romsdal fylkeskommune viser til departementet sin vurdering om at det reviderte lovforslaget ikkje vil få økonomiske eller administrative konsekvensar for dei tre offentlege forvaltingsnivåa. Føresegn § 2a vil ha store økonomiske konsekvensar om det betyr at fylkeskommunen må opprette eit uavhengig organ med armlengds avstand til fylkeskommunen for å ivareta forvaltinga av tilskotsmidlar og stipend på kulturfeltet. Også § 4 vil for Møre og Romsdal fylkeskommune i periodar medføre behov for auka ressursar for å innfri plankravet. Saksframlegg er å finne her - https://mrflk.innsynsportal.no/motekalender/motedag/1003178 Kultur- og likestillingsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"