🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - utkast til endringer i kulturloven

Språkrådet

Høyringssvar om utkast til endringar i kulturlova
Departement: Familiedepartementet 4 seksjoner

Bakgrunn for merknadene frå Språkrådet

Språkrådet er statens forvaltningsorgan i språkspørsmål og følgjer opp språkpolitikken som er fastlagd i Prop. 108 L (2019–2020) Lov om språk (språklova) .

Lova gir det offentlege ansvar for å bruke, utvikle og styrkje bokmål og nynorsk og dei samiske språka. Ho gir også det offentlege eit særleg ansvar for å fremje nynorsk, som er det minst brukte norske skriftspråket. Det inneber at situasjonen for nynorsk skal vurderast særskilt i arbeidet med å utvikle politikk og nye lover.

Lova gir det offentlege også ansvar for å verne og fremje dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk. Det inneber at det offentlege skal setje i verke tiltak for å auke bruken av dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk og verne dei mot negative sanksjonar.

Merknader til høyringsnotatet

Språkrådet vil påpeike at departementet ikkje omtalar språklege omsyn i høyringsnotatet. Språk er kultur, og språk er ein grunnleggjande infrastruktur for kulturen. Språklovsproposisjonen er tydeleg på at kvart einaste språk er ein kulturell rikdom. Meld. St. 8 (2018–2019) Kulturens kraft. Kulturpolitikk for framtida (kulturmeldinga) , slår også fast at «språket er den fremste beraren og formidlaren av kultur, historie og identitet. Kultur og språk er knytte uløyseleg saman.» Proposisjonen tar opp i seg disse intensjonane frå kulturmeldinga. Derfor er språklova forankra i den same paragrafen i grunnlova (§ 100 sjette ledd) som departementet no føreslår at kulturlova blir forankra i.

I punkt 4.3 omtalar departementet internasjonale konvensjonar som er relevante for retten til å delta i kulturlivet. Dei konvensjonane som er relevante for språk og for språk som kultur, er ikkje nemnde.

Den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk (minoritetsspråkpakta) gir rettar til dei ulike minoritetsspråka i landet. Dei samiske språka er omfatta av del I–III av pakta, medan dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romani og romanes er omfatta av del I–II. ILO‑konvensjon nr. 169 om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar (urfolkskonvensjonen) gjeld dei samiske språka som urfolksspråk.

Departementet nemner SN-konvensjonen om rettar til personar med nedsett funksjonsevne (CRPD). Denne konvensjonen omtalar teiknspråk fleire stader og gjeld altså norsk teiknspråk som det nasjonale teiknspråket. Artikkel 21, 24 og 30 er særleg relevante.

Språklova legg også føringar utover pliktene etter anna lovverk:

Språkrådet rår departementet til å vurdere om og eventuelt korleis det internasjonale språklege lovverket som Noreg har slutta seg til, bør verke inn på lovforslaget.

Merknader til § 1 Føremål

Departementet ber om innspel på om føremålsparagrafen bør spegle pliktene styresmaktene har etter internasjonale konvensjonar. Språkrådet meiner føremålsparagrafen bør spegle det særlege ansvaret det offentlege har for språka som er dekte av språklova.

Omsynet til desse språka er omtalt i dei nasjonale kulturpolitiske måla frå kulturmeldinga. Departementet ønskjer ikkje å ta desse måla inn i kulturlova, og Språkrådet er einig i denne vurderinga.

Språkrådet meiner likevel det er relevant å ta inn eit ledd om dei språka styresmaktene har eit særleg ansvar for etter språklova, ettersom språk ber kultur og i seg sjølv er kultur. Vi viser også til det relevante internasjonale og nasjonale lovverket i merknadene til høyringsnotatet ovanfor.

Språkrådet føreslår følgjande tillegg til § 1 (kursivert og understreka):

Lova skal leggja til rette for ei open og opplyst offentleg samtale gjennom å fastleggja offentlege styresmakters ansvar for å fremja og leggja til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd i tråd med prinsippet om armlengds avstand , slik at alle kan få høve til å delta i kulturaktivitetar og oppleva eit mangfald av kulturuttrykk. Styresmaktene har eit særleg ansvar for kulturverksemda på norsk (bokmål og nynorsk), dei samiske språka, kvensk, romani, romanes og norsk teiknspråk.

Forslaget framhevar at det overordna kulturpolitiske ansvaret til styresmaktene gjeld alle språka som språklova omfattar. Forslaget bidrar også til å synleggjere dei språka styresmaktene har eit særleg ansvar for etter språklova, og det er eit poeng i seg sjølv å nemne alle språka ved namn. For mange er dei minste minoritetsspråka heilt ukjende, og det er mange som ikkje veit at til dømes norsk teiknspråk er eit fullverdig språk. Synleggjeringa er dermed særleg viktig for dei minste minoritetsspråka.

Språkrådet vil understreke at føremålet med forslaget ikkje er å utelukke nyare minoritetsspråk og andre språk frå kulturpolitikken. Føremålet er derimot å framheve eit særleg ansvar for dei nemnde språka. (På same vis utelukkar ikkje språklova tiltak for andre språk enn dei som lova nemner.)

Merknader til § 4 Fylkeskommunens og kommunens oppgåver

Språkrådet stør framlegget til nytt andre ledd.

Språkrådet merkar seg at departementet på sikt vil vurdere å lage ei rettleiing til paragrafen. Ei slik rettleiing bør omtale språklova og dei språka som det offentlege har ansvar for etter språklova. Rettleiinga bør også gi råd om korleis fylkeskommunane og kommunane kan integrere språka og språkpolitikk i det kulturelle planarbeidet.