🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - forslag til program for strategisk konsekvensutredning av nye områder t...

Erling Flem

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Eg sluttar meg til Motvind Norges høyringssvar.

I tillegg vil eg be om at ein bruker alle investeringar til vasskraft ( men ikkje til balansekraft), varmepumper, varmevekling i sjø og innsjø og særleg viktig: geotermisk energi i staden. Oppgradering av vasskraft som gir stabil straum. Stans all jojo- vassføring som drep livet i elvane våre, og sørg for minstevassføring i elvar og forbod mot nedtapping som er skadeleg for fisk og liv i vatn og innsjøar.

Geotermisk energi og varmepumpesatsing er mykje betre enn å kaste bort 24 milliardar på eit totalt ulønsamt, forureinande, OO2-utsleppsaukande, bisfenol A- og PFAS-spreiande, fiskebankstelande og gytefeltøydeleggande pengesluk.

Stans Statnetts bløff om straummangel og stans heller TikTok og kryptofabrikkar, der er det store straummengder å spare!

REDD HAVET FRÅ DEN UNØDVENDIGE OG SKADELEGE VINDKRAFTA.

SKAL NOKO BYGGAST TIL HAVS SÅ LAG VARMEKRAFTVERK I GAMLE BOREHOL, SLIK DET OPPRINNELEG VAR TENKT FØR EUN STARTA Å BRENNE GASS PÅ PLATTFORMENE I STADEN.

Det er bora fleire tusen hol, berre å starte bygginga istf. å bruke pengar på å plugge hola.