🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - forslag til program for strategisk konsekvensutredning av nye områder t...

Offshore Norge

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Høyringsdokumenta er eit godt og grundig arbeid frå NVE og direktoratsgruppa i ein spanande ny form. Innhaldet varetek mange vesentlege omsyn.

Offshore Norge arbeider systematisk med sameksistens og det er spesielt positivt å registrera arbeidet som er gjort med systematisk kartlegging for å redusera potensialet for konflikt mellom næringar og mellom næringar og natur.

Dokumenta frå direktoratsgruppa vert vurdert som eit godt grunnlag for å identifisera område for å oppnå regjeringa si målsetting for havvind.

Dersom Norge skal verta etablert som ein stabil og truverdig leverandør av fornybar energi frå havet og etablera eit næringsliv som kan konkurrera internasjonalt vert det viktig å etablera ein plan for framtidig jamleg tildeling av areal til havvind etter neste runde planlagt i 2025.

Forvaltningsplanane i Norge er verkemiddel brukt for politisk demokratisk forankring og balanse mellom omsyn til miljø og næringsliv i havet i tillegg til sektorregelverket.

Havvind kan verta utvikling av nytt grønt næringsliv som både gjev tilgang til meir energi, og vert eit positivt klimatiltak, og kan ha både positiv og negativ påverknad på naturverdiar. Det er viktig at havvind vert inkludert i revidering av forvaltningsplanen, og at dei politiske føringane som ligg i forvaltningsplanen og gjeld for havvind.

I SVO område er det gjeldande prinsippet at SVO statusen ikkje er til hinder for næringsverksemd, men at ein skal visa særskilt aktsemd for naturverdiane på den plassen aktiviteten skjer. Det er vesentleg at dette prinsippet gjeld likt for alle næringar, og at det er faktiske naturverdiar i SVO-områda som eventuelt stoppar/endrar aktivitet slik at ein får ei kunnskapsbasert forvaltning av havet for alle næringar.

EU og Storbritannia satsar stort på utbygging av havvind, og begge gjer dette med eit langt høgare tempo enn Noreg. EU har opplevd mangel på energi og planlegg for å sikra at dei har nok energi framover. Mellom anna i Fornybardirektivet ligg det mekanismar som gjer EU i stand til å opna areal for vindkraft, med kortare prosessar i forkant enn forslaget i denne høyringa.

Planen i Noreg er stegvis utbygging der ein fyrst lyser ut oppdrag til strategisk kunnskapsoppbygging, med høyringar av program før gjennomføring og seinare høyringar av rapportar før melding til Stortinget. Forslaget er demokratiske og gode prosessar som både sikrar forankring ved at alle vert høyrt og innsamling av data og utvikling av ny kunnskap som vert vurdert før opning. Opning er ei føresetnad før konsesjonsprosessar og utbygging.

Desse solide og gode prosessane kan verta eit hinder for industriutvikling som også av klimaomsyn er ynskja i Noreg. Det er eit dilemma at nabolanda våre kan lysa ut areal og setja i gang utbygging langt raskare enn Noreg, og dermed kan EU og UK få bygd opp leverandørkjedar og posisjonert seg før industrien kjem ut or startgropa i Noreg.

Offshore Norge vil derfor be om at det vert vurdert å framskunda strategisk KU for eit eller fleire av områda som vert vurdert, slik at desse kan opnast og areal inkluderast i planlagt utlysing i 2025. Krava ein bør stilla til områda som kan få eit hurtigare løp før opning bør vera:

- Lite potensiale for konflikt med fiskeri og andre næringar

- Lite potensiale for konflikt med naturverdiar

- Kartlegging av petroleumsressursar i desse områda

- Tilgang til eksisterande marknad og tilgang til infrastruktur

I dei områda der det er fiskeriaktivitet må utgreiinga vurdera korleis ein kan minimera korleis havvind påverkar fiskeri negativt. Optimal nytting av arealet er vesentleg for å redusera omfanget av allokert areal.

Norges Fiskarlag, Fiskebåt og Offshore Norge har vorte samde om prinsipp som bør gjelda for utvikling av havvind i Noreg, me vil be om at prinsippa vert brukt også av styresmaktene i opningsprosessen.

I dei identifiserte områda der det er eller kjem petroleumsproduksjon eller CO2 lager må det gjennomførast vurdering av korleis drift av desse felta og CO2 lager vert påverka.

Andre næringsinteresser og forsvar må varetakast.

Forslaga til strategiske konsekvensutgreiingar er ikkje like for dei to løpa som er foreslått, og ei grunngjeving for kvifor dei er ulike er etterspurt.

1 Offshore Norge støttar forslag til Program for strategisk konsekvensutgreiing for dei identifiserte områda Sørvest F og Vestavind F. Det er positivt å arbeida vidare utifrå område som allereie er opna, mellom anna med omsyn til etablert kunnskap, arealeffektivitet, infrastruktur og for å kunna lysa ut meir areal i 2025.

Offshore Norge vil be om at det i denne fasen i tillegg vert vurdert å gjennomføra strategisk konsekvensutgreiing i eit eller fleire område i dei 18 identifiserte områda. Områda bør vera nær marknad som treng meir kraft og område som kan nyttast til elektrifisering av olje og gassfelt. Men ein slik prosess bør ein berre ta der det er registrert mindre utfordringar med sameksistens. Ein slik plan kan eventuelt opna fleire område for utlysing i 2025 og i rundar etter 2025, og slik sikra både energiproduksjon og næringsutvikling. Offshore Norge kan til dømes foreslå gjennomføring av strategisk konsekvensutgreiing for Nordavind C, Nordvest A og Vestavind D.

2 Offshore Norge støttar forslag til utgreiingsprogram for områda som ikkje er omtala over.

Forslaget omfattar mange område og store areal. Områda bør prioriterast i rekkefylgje der ein vektlegg:

· Sameksistens med fiskeri og andre næringsinteresser, og der naturverdiar vert vurdert.

Etter ei slik prioritering kan ein gjennomføra strategisk kunnskapsutgreiing i prioritert rekkefylgje.

3 Offshore Norge meiner at det å gjennomføra ei strategisk konsekvensutgreiing av område Sønnavind A vil auka kunnskap og gje eit betre grunnlag for å ta stilling til om det kan finnast område som kan nyttast til havvind utan for store utfordringar for sameksistens med fiskeri og fugl. Dette er ikkje eit argument for opning men for å samla kunnskap som gjer at ein kan vurdera handlingsrommet før konklusjon.

Hildegunn T Blindheim

Direktør Offshore Norge