🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - endringer i inndelingslova

Gloppen kommune

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Kommunestyret i Gloppen vedtok på møtet 26.04.2023 følgjande høyringsuttale:

Kommunestyret i Gloppen syner til framlegget frå Kommunal- og Distriktsdepartementet om endring i inndelingslova. Kommunestyret har følgjande vurdering:

1. Kommunestyret legg til grunn at departementet allereie har naudsynt heimelsgrunnlag i eksisterande lovverk

2. Kommunestyret meiner at lovframlegget er eigna til å skape usikkerheit om kompetansen til det øvste folkevalde organet i kommunen

3. Kommunestyret meiner at lovframlegget formaliserer brot med at kommunen er éi eining

4. Kommunestyret viser til Tillitsreforma, og meiner at intensjonen i lovframlegget vil vere i strid med denne

Kommunestyret i Gloppen tilrår følgjeleg at endring av inndelingslova ikkje vert gjennomført.

Vedtaket vart gjort mot 10 røyster.