🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - endringer i inndelingslova

Vidar Sætre

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Mange av høyringssvara viser til det lokale sjølvstyret. Men i røynda har ingen kommune sjølvstyre, for regjeringa kan overprøva kommunale vedtak om grenseendringar, slik Solberg-regjeringa gjorde då den slo saman fleire kommunar. t.d. då den tvangsinnlemma Søgne og Songdalen i ein utvida Kristiansand storkommune.

Og da blir hevda at noverande regjering står fare for å bryta prinsippet om kommunalt sjølvstyre viss den støttar regjeringa sitt framlegg om å endra inndelingslova. Men prinsippet om kommunalt sjølvstyre er altso kun ein vits viss regjeringa uansett kan øveprøva kommunen sine eigne vedtak om kommunen si framtid.

Og mange av høyringssvara er selektive, sjåande vekk frå Solberg-regjeringa si ignorering av Søgne og Songdalen sitt kommunale sjølvstyre, men er samtidig skarpe i tonen mot noverande regjering si opning for å sjå vekk frå noverande Stor-Kristiansand sitt sjølvstyre - i ein situasjon dar Søgne og Songdalen ikkje lenger har noko kommunalt sjølvstyre.

Men eg trur bindande folkeavrøystingar vil vera best for å sikra demokratisk legitimitet i kommunesamanslåings- eller oppløysings-stridar. Difor rår eg regjeringa te å heller førelå rett te bindande folkerøystingar enn å føreslå rett te den meir uklåre termen 'innbyggjar-høyringar'.

Elles: Skuldingar mot statråden sine motiv når han ønskjer utvida rett te å måla folkeviljen i spørsmål om kommunar si framtid, fell på sin eigen urimelegdom. For i eit demokrati bør me ikkje vera redd å få informasjon om folkeviljen. Me bør heller ta oppgjer med politikk som ikkje vil vita folkemeininga, t.d. i dei delane av kommunen dar misnøyen med noverande kommune-grenser ser ut te å vera ekstra stor.