🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring av NOU 2025: 7 Musikklandet

FolkOrg

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner

Nytt fag- og katalogsystem i norske folkemusikkarkiv

Viser til kap. 12.3 side 327 og tilrådingar i kap. 13.

På side 327 i Musikklandet er det skrive om den kritiske situasjonen for folkemusikkarkiva. Vi meiner det er ein krisesituasjon, og det kan det lesast meir om her:

https://www.nationen.no/folkemusikk-digitale-arkiv-fra-1980-talet-er-for-darleg-kulturminister-lubna-jaffery-ma-ta-ansvaret-ellers-gar-kulturarven-tapt/o/5-148-769321?fbclid=IwY2xjawMFUcVleHRuA2FlbQIxMQBicmlkETBYWTVmNkpEeWNHOWlOb3MwAR4aLaPiH8BQp_R86EaQCcbY4v20qIZPr4Gc7hZ73gHne2Tb-P3GAcFK6I0Mnw_aem_Ul95GrVr_pwYrUN-PcySxg

Det er ein fare for at store delar av kulturarven vår ikkje blir med vidare. I vårt innspel til NOU-utvalet hausten 2024 – i lag med Noregs Ungdomslag, Norsk senter for folkemusikk og folkedans og Riksscenen – skreiv vi om den utfordrande situasjonen dei norske folkemusikkarkiva er i. Der skriv vi mellom anna følgande:

«Staten må ta ansvar for å forbetra og sikra infrastrukturen til folkemusikkarkiva. Folkemusikkarkiva har i ein lengre periode ropt for døve øyre. Per i dag nyttar dei fleste av folkemusikkarkiva eit katalogsystem (FIOL) som er i ferd med å bli fasa ut, og trongen for eit nytt, stabilt og langsiktig katalogsystem for å forvalta og formidla den unike kulturarven dei sit på, er prekær. Viss ikkje statlege styresmakter snarleg tek på seg ansvaret for å finna gode løysingar, står vi i verste fall i fare for at delar av materialet som forfedrane våre forvalta og vidareformidla vil gå tapt. Vi meiner at Nasjonalbiblioteket vil vera ein naturleg fasilitator for å utvikla og halda ved like eit slikt fagsystem – noko dei har sagt seg villig til, men det må då tilførast nye pengar.»

Dette gjeld framleis.

Feltet har dialog med Nasjonalbiblioteket, og dei seier at dei kan ta ansvaret for eit nytt katalogsystem. Men da må det tilførast friske midlar til oppstart, og årlege midlar til drift. Og vi meiner at dette punktet manglar i kapittel 13 i NOUen. Vi vonar at Kulturdepartementet likevel tek med seg innspelet om at det trengst midlar til eit slikt system, og vi vonar det kjem på plass så fort som mogleg.

Takk for moglegheita til å få kome med innspel. Vi stiller gjerne opp på møtet med departementet og politisik leiing dersom det er noko det trengs utfylling på.  På vegne av FolkOrg,

Aslak Brimi, dagleg leiar