Høyringssvar til NOU 16:2022, «En folkehøgskole for alle »
Sunnmøre Folkehøgskule har handsama NOU 16:2022 både i personalet og i fleire rundar med eigar KFUK-KFUM gjennom krinsstyret og skulestyret/stiftingsstyret. Rektor har også som styremedlem i IKF (informasjonskontoret for kristen folkehøgskole), fått vore med i ein grundig og omfattande prosess saman med dei andre organisasjonane i folkehøgskule-sektoren, noko som gjer at styret har vore godt informert om både innhald, framlegg til endringar, og moglege konsekvensar av det som utvalet har foreslått i NOU 16:2022.
Folkehøgskolerådet sitt høyringssvar er vårt høyringssvar
Vi synest utvalet har mange gode innspel og intensjonar i dei endringane som er lagt fram, men kunne nok tenkt oss at grunnlaget for forslaga, og konsekvensane av desse kunne vore betre undersøkt og utreda. Vi meiner det arbeidet som organisasjonane i folkehøgskule-sektoren har gjort i sin gjennomgong av NOU 16:2022, har vore både ope, sjølvkritisk og realistisk i si vurdering og tilbakemelding.
Stiftelsen Sunnmøre Folkehøgskule vil difor peike på Folkehøgskolerådet sitt felles høyringssvar for alle folkehøgskuleorganisasjonane og støtte denne. Sjølv om både vi og andre enkeltskular kan ha høyringssvar ut ifrå eigen situasjon og behov, så kjenner ingen folkehøgskule-sektoren betre enn Folkehøgskolerådet. Dei ser det store bilete, og representerer fellesskapet både når det gjeld svar om formål, mandat, og dei rammefaktorane som er med å prege utviklinga av folkehøgskulane. Vi håper difor at deira høyringssvar vil bli tillagt stor tyngde.
Vi vil takke for arbeidet som er gjort med NOU 16:2022, og for at ein har prioritert å sette søkjelyset på folkehøgskulane sin plass i samfunnet. Vi ynskjer lukke til i det vidare arbeidet med rapporten, og håper resultatet vil vere med å synleggjere og vidareutvikle folkehøgskulane i åra som kjem.
Ulsteinvik 27.04.2023