Høyringsuttale frå styret for Stord folkehøgskule til NOU 2022:16
Styret ved Stord folkehøgskule ser positivt på mange av forslaga i NOU 2022:16. Me støttar i hovudsak høyringsuttalen frå Folkehøgskolerådet, men har nokre konkretiseringar under som me ser som viktige. Spesielt er punkt 12 avgjerande for vår drift som ein nystarta skule i leigde lokale.
1. Folkehøgskulen er eit unikt skuleslag i utdanningssystemet vårt og det gir elevane eit skuleår som betyr svært mykje både i den personlege utviklinga og for vidare utdanning og arbeidsval. Me er einig i at folkehøgskulen skal vera for alle og at den kan bidra til inkludering og mangfald. Me støttar Folkehøgskolerådet sitt framlegg til ny formålsparagraf:
Lovens formål er å bidra til at det kan opprettes og drives folkehøyskoler i Norge.
Folkehøyskole må være med i skolens navn, og bare skoler som er godkjent etter § 2, kan
bruke navnet folkehøyskole. Folkehøgskolens formål er å fremme allmenndanning og folkelig opplysning, aktivt medborgerskap og menneskeverd. Den enkelte folkehøgskole har ansvar for å fastsette verdigrunnlag innenfor denne rammen.
2. Det er viktig å sikra god rekruttering til folkehøgskulane framover. Difor er det avgjerande at elevane får tilleggspoeng så lenge det er ei ordning der ein kan få tilleggspoeng til høgare utdanning. Viser til høyringsuttale til NOU 2022:17. Styret støtter forslaget i punkt 5 om at det framleis skal gis tilleggspoeng for elever som har fullført et folkehøgskoleår.
3. Styret støttar intensjonen om at det viktig at ikkje folkehøgskuleåret har ein så høg pris at det hindra mange ungdommar i å søkja. Utvalet foreslår ein makspris i punkt 6, men me ser at det vil vera vanskeleg for nokre av tilboda viss alt skal vera inkludert t.d. tillegg for enkeltrom og spesialdiett. Ein makspris bør eventuelt gjelda opphaldsutgifter, linjeutgifter og studiereiser. Konsekvensen av ein makspris kan vera at ein del unike tilbod fell vekk.
4. Styret ser spesielt positivt på utvalet sitt forslag i punkt 8 til å ha unge flyktningar som elevar som del av introduksjonsprogrammet. Dette vil bidra til arbeidet med mangfald og integrering og desse elevane vil få ein unik sjanse til intensiv språkopplæring og sosialt fellesskap med jamaldrande.
5. Universell utforming er viktig for at alle elevar skal kunne delta. For vår del med eit bygg der deler er over 100 år, vil det vera kostnadskrevjande. Difor er det nødvendig at kravet i punkt 10 om universell utforming vert med ein tidsperiode for gjennomføring og med økonomisk støtte.
6. Styret støttar å endra formuleringa i lova om at læringsmiljøet (punkt 11), men ynskjer at teksten i lova no vert: «læringsmiljøet skal vera innretta for alle elevar».
7. Etter vår meining er det umogleg for små og mellomstore skular å stetta kravet i punkt 12 om at tilsynsvakt skal gjennomførast av pedagogisk personale. Vårt forslag er at tilsyn skal gjennomførast av skulen sitt personale. På den måten kan me, som no, ha dei fleste tilsynsvaktene med pedagogisk personale, men bruka det øvrige personalet for å dekka inn resten. Det vil framleis vera vaksne personar som kjenner elevane godt, og det gjev også det øvrige personalet ein arena til å vera saman med elevane i ein sosial samanheng.
8. Styret støttar at tilboda på folkehøgskulen skal ha ein kursplan (jf. punkt 31), men vil likevel påpeika at det er det samla tilbodet eleven får på skulen som må oppfylla formålsparagrafen, og ikkje det einskilde linjekurset. Gjennom linjefag, fellesfag, valfag, laurdagsseminar, reiser og sosiale aktivitetar jobbar skulen med målsetjinga for folkehøgskulen.
9. Styret er einig i at det er positivt at flest mogleg av lærarane har pedagogisk kompetanse hos lærarane (jf. punkt 34, 35). For å få dette til må våre lærarar verta ein del av offentlege tilskotsordningar for vidareutdanning, og skulen kan få dekka sine utgifter til vidareutdanning i folkehøgskulepedagogikk. Det bør også vera mogleg å realkompetansevurdera kandidatar spesielt til studiet i folkehøgskulepedagogikk. Dette for å kunne ta vare på det mangfaldet i tilbod som folkehøgskulen tilbyr og som gjer at dette er eit attraktivt og alternativt utdanningstilbod.
10. Styret er ueinig i punkt 41 om ein nasjonal elevundersøking etter mal frå studiebarometeret. Folkehøgskulen har sitt eige system med skulestart- og skulesluttevaluering som gjev skulane ei grundig tilbakemelding. I tillegg gjennomfører skulen lokale undersøkingar og elevsamtalar slik at me er i kontinuerleg dialog med elevane om skuletilbodet deira. Dette gjev oss mykje grundigare informasjon om elevane sin tilfredsheit enn ei nasjonal undersøking med potensielt låg deltaking. Ei publisering av ei slik undersøking kan gje eit begrensa og kanskje feilaktig bilete av kvaliteten til ein folkehøgskule.
11. Styret ser at utvalet sitt forslag i punkt 68 kan føra til at det blir færre små og mellomstore skular og fleire store skular. Det er ein styrke for skuleslaget at det er ein breidde i utvalet også når det gjeld storleik.
12. Styret er svært ueinig i at tilskot til folkehøgskulebygg kun skal vera for bygg som skulane eig sjølve. Vår skule og fleire andre nyare folkehøgskular driv skule i leigde bygg og eit slikt tilskot er avgjerande for vår økonomi. Dette forslaget vil gjera det svært vanskeleg å starta nye skular framover, då ein vil vera avhengig av kapitalsterke eigarar som kan investera i eller byggja skulebygg. Vårt forslag er at ordninga med husleigestilskot held fram i den forma den har i dag.
13. Det er avgjerande viktig for skulane med gode rammevilkår og føreseielege inntekter, difor må elevtilskotet må auka årleg i tråd med konsumprisindeksen.
For Stord folkehøgsskule,
Astrid Kjellevold – styreleiar
Torunn Laurhammer - rektor