🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring- NOU 2022: 18 Mellom mobilitet og migrasjon

Noregs Mållag

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Noregs Mållag ynskjer å gje eit høyringssvar til NOU 2022: 18 Mellom mobilitet og migrasjon . Det er viktig å lese NOUen med utgangspunkt i fyrste setning i Språklova « Føremålet med lova er å styrkje norsk språk, slik at det vert sikra som eit samfunnsberande språk som skal kunne nyttast på alle samfunnsområde og i alle delar av samfunnslivet i Noreg. »

For at norsk skal vere det samfunnsberande språket på alle samfunnsområde, må også arbeidsinnvandrar til Noreg ha rett på norskopplæring.

Noregs Mållag er samde med fleirtalet i utvalet om at det må verte innført ein lovfesta rett til norskopplæring. Prisen på opplæringa må ikkje vere eit hinder for deltaking. Mållaget ynskjer å kome med innspel til innhaldet i ei slik reform.

I NOUen drøftar utvalet på fleire punkt status for norsk språk og kor sentralt språklæring er for integrering og busetting. Likevel vert det ikkje tematisert at norsk språk er både nynorsk og bokmål, og at tilhøva for desse er svært ulike. Dette bør rettast opp i det vidare arbeidet med NOUen.

I nynorskkommunar er det nynorsk som er språket barna lærer på skulen, kommunen brukar i kommunikasjonen, teksten i lokalavisa står på, informasjonen på arbeidsplassen kjem på og som det vert forventa at arbeidstakarar kan skrive. I desse kommunane er det også nynorsk som bør vere opplæringsspråket til arbeidsinnvandrarane.

Vi veit at det å drive vaksenopplæring på nynorsk byr på fleire utfordringar enn på bokmål, fordi det er mindre utval av læremiddel og ressursar for vaksne innvandrarar på nynorsk. Likevel har i overkant av 50 kommunar i dag norskopplæringa for vaksne innvandrarar på nynorsk.

Det vil difor vere eit svært viktig integreringspolitisk verkemiddel å stille krav om at læremiddel for vaksne innvandrarar må vere klar til same tid og til same pris på bokmål og nynorsk. Offentlege aktørar (til dømes universitet) som utviklar norskspråklege læremiddel for opplæring i norsk som andrespråk, må gjere dei tilgjengelege på både nynorsk og bokmål.

Som eit strakstiltak bør staten setje av ekstra midlar til utvikling av læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar. Statsforvaltarane og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse må vere til hjelp og lette overgangen for dei nynorskkommunane som i dag har bokmål, slik at dei får gå over til nynorsk. Dette kan vere effektive tiltak som raskt skapar endring og legg til rette for betre integrering i nynorskkommunar.