🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - NOU 2022: 20 Et helhetlig skattesystem

Gloppen Energi AS

Departement: Familiedepartementet 3 seksjoner

Skatteutvalet sitt forslag

Skatteutvalet si tilråding er blant anna at innslagspunktet for grunnrente på vasskraft skal senkast frå 10 000kVA til 1 500kVA. Forslaget baserer seg på ein statistikk som har si kjelde i utvalet sjølv- og NVE. Skatteutvalet antydar relativt tydeleg at det er skattetilpassing som er grunnen til minimal utbygging av vasskraft i storleiken 10 000-20 000kVA.

At kostnaden for kvar produsert kWh er vesentleg høgare for små kraftverk enn for store kraftverk og at det er store prisvariasjonane i dei ulike prisområda er ikkje omtala i forslaget. Det er vesentleg å ta med i vurderingane at nokre prisområde har opplevd ekstremt høge prisar dei siste åra, medan andre har til tider opplevd det motsette.

Føreseielegheit er nødvendig.

Gloppenstasjonane er lokalisert i prisområde NO3 og gjennomsnittleg kraftpris i NO3 var i 2022 42,8 øre/kWh. Vasskraftverka selde krafta i spotmarknaden og oppnådde såleis spotpris time for time. Gjennomsnittleg oppnådd kraftpris for selskapet vart likevel 27,7øre/kWh i 2022, blant anna fordi det typisk er slik at på dei tidspunkta kraftprisen er høgast er det relativt lite vatn i elva. Gloppen Energi AS som er eigar av dei 3 elvekraftverka fekk eit positivt driftsresultat på 6,0 mill. kroner. Etter at selskapet har betalt renter på 3,2 mill. kroner for finansiering av blant anna rehabilitering er resultatet før skatt 2,8 mill. kroner. Dette viser at i eit år med nokolunde normale gjennomsnittlege kraftprisar i prisområde NO3 på 42,8 øre/kWh er likevel resultatet for Gloppen Energi AS på beskjedene 2,8 mill. kroner før skatt. Den påståtte ekstraordinære inntekta som skulle motivere innføring av grunnrenteskatt er såleis ikkje eksisterande.

Gloppen Energi AS har i sin langtidsplan lagt til grunn gjeldande skatterett, at småkraft under 10 000kVA ikkje skal svara for grunnrenteskatt. Endring av innslagspunktet for grunnrenteskatt har svært alvorlege konsekvensar for selskapet og brot med lånevilkår vil melde seg raskt. Eigar av kraftverka vil få store tap. Dette er dårleg distriktspolitikk og dårleg handsaming av lokalsamfunnet som har bidrege til utbygging- og drift av fornybar kraft i over 100 år.

Om målet er å avvikle småkraftnæringa i dei svakare prisområda, synest gjeldande forslag å være treffsikkert.

Forslag om seinking av innslagspunktet for grunnrente til 1 500kVA vil fjerne all bygging eller det meste av bygginga mellom 1 500 og 10 000kVA. Det må utvilsamt være meir samfunnsnyttig og berekraftig å auke innslagspunktet til 20 000kVA. Auka innslagspunkt vil bidra med både meir produksjon av fornybar energi og auka skatteinntekter. 20 000kVA peikar seg ut i skatteutvalet- og NVE sin eigen statistikk som storleiken ein må bygge for å være i stand til å bere grunnrente.

Gloppen Energi meiner:

Det er heilt urimeleg å innføre grunnrenteskatt på småkraftverk under 10 000kVA, då den påståtte ekstraordinære inntekta som skal motivere innføring av grunnrenteskatt ikkje er eksisterande.