Svar på høyring om endring i straumstønadsordninga til timebasert stønadsberekning
Vi viser til høyringsnotat frå Olje- og energidepartementet (OED) om forslag til endring i straumstønadsordninga til timebasert stønadsberekning.
OED foreslår å endre stønadsberekninga frå å basere seg på gjennomsnittleg spotpris gjennom månaden til å basere seg på spotprisen time for time. Vidare foreslår OED å auke stønadsgrada til 90 % frå juni 2023 fram til ordninga er planlagt avslutta 1. januar 2025. Krav om at stønadssatsen skal vise på faktura skal fjernast, og nettselskapa skal ta over handtering av mindre feilutbetalingar. Formål med endringane er at det skal bli enklare for kunden å rekne seg fram til kva dei får i stønad. Auka stønadsgrad og forlenging av ordninga vil redusere konsekvensane av ekstraordinære høge straumprisar og gje føreseielege straumutgifter.

Insentiv til fleksibilitet
Ordninga gjev i dag kunden insentiv til å tilpasse seg ved å flytte forbruk frå timar med høg pris til timar med låg pris. Slik omfordeling av forbruk er i tråd med politiske målsettingar bak ny nettleigemodell som vart innført 1. juli 2022. Omlegging til timebasert berekning vil gjere om ordninga til ei tilnærma fastprisordning. Då vil insentiv for straumsparing og fordeling av forbruk ut over døgnet ikkje lenger vere til stades.
Enkelt for kunden
Vi er ikkje samde i premissen om at det vert enklare for kunden å rekne seg fram til kva dei får i støtte med timebasert berekning. Som ein konsekvens av omlegginga skal stønadssatsen ikkje lenger kome fram av faktura. Vi opplever det som eit paradoks at ordninga på den eine sida skal gjere det enkelt for kunden, samtidig som det blir vanskelegare for kunde å kontrollere tildelt stønad sidan prisinformasjon på faktura ikkje vil vere fullstendig.
Systemtilpassing
Vi viser til uttale frå systemleverandøren vår (CGI) datert mars 2023, og åtvarar om at omlegging til timebasert berekning medfører ressurskrevjande utviklingsarbeid og systemtilpassing der mange detaljar ikkje er avklart. Vi er usikker på korleis systembelastninga vert ved skissert omlegging. Etter eventuell omlegging vil nettselskapa avrekne kraftpris time for time for målepunkt med straumstønad. Nettselskapa har i dag behov for å gjere desse berekningane kun for 2-3 % av kundemassen (pliktleveranse).
Feilutbetalingar
Vi støttar at § 9 i strømstønadsloven er foreslått endra slik at nettselskapa skal kunne handtere mindre feilutbetalingar. Samtidig må det avklarast korleis feilutbetalingar skal avdekkast, og kven som skal bere risikoen med etterfaktureringa. RME har til no utført kontrollen, og må definere korleis kontrollen skal vere og korleis kontrollen skal følgjast opp. Vidare må det etablerast funksjonalitet for å fakturere RME for tilbakebetalingskrava, og avklarast om ubetalte tilbakebetalingskrav gir stengegrunnlag.
Konklusjon
Linja AS meiner gjeldande ordning med månadsbasert gjennomsnittspris tener formålet med ordninga på ein god måte. Ut frå eit kost-/nytteperspektiv oppnår vi ikkje stor nok effekt med timebasert avrekning til å forsvare kostnad ei slik omlegging gir. Vi meiner også det er uheldig at omlegging til timebasert avrekning svekker kunden sitt insentiv til forbruksfleksibilitet og at det blir vanskelegare for kunden å kontrollere faktura med tildelt stønad.
Mørenett og Linja fusjonert
Med felles satsing er vi endå betre rusta til å levere gode og effektive tenester til kundane, og ikkje minst bidra til samfunnsutviklinga i regionen vår.
Med rundt 100 000 nettkundar frå Giske i nord til Askvoll i sør, blir vi eit av dei største nettselskapa i Noreg. Våre 320 tilsette jobbar kvar dag for å sikre eit stabilt straumnett, med god kapasitet, til ein lågast mogleg pris for kundane.