🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring – Endringer i budsjett- og regnskapsforskriften og i selvkostforskriften ...

Øygarden kommune

Departement: Distriktsdepartementet
Dato: 24.07.2025 Svartype: Med merknad Høyringsuttale frå Øygarden kommune: Vedtak i Kommunestyret - 19.06.2025 - 060/25 Øygarden kommunestyre vedtek slik uttale til høyringsuttale for endringar i budsjett- og rekneskapsforskrifta: Det er viktig at det er godt samsvar mellom levetid, avskrivingar og langsiktig finansiering av kommunale aktiva som bygg og leidningsnett innan vatn og avløp. Delar av desse aktiva har lengre levetid enn det avskrivingsreglane i dag speglar. Ei endring slik som departementet gjer framlegg om, vil truleg vere meir rett og samstundes gi noko lågare gebyr innan sjølvkostområda. For andre eigendelar vil framlegget kunne føre til noko lågare årlege avdrag for kommunen. Det er knytt risiko til endring av referanserente for kalkylerenta, og endringa bør utsettast slik departementet gjer framlegg om. Når det gjeld 5-årsregelen for framskriving av over- og underskot innan sjølvkostområda, vil auka fleksibilitet innan vatn og avløp kunne vere tenleg. Dagens regelverk gir opning for dette i visse tilfelle, og ei generell endring er truleg ikkje nødvendig. Vedlegg Høyringsuttale - Endringar i budsjett- og rekneskapsforskrifta og i sjølvkostforskrifta (2384200).pdf Kommunal- og distriktsdepartementet Til høringen Til toppen