Syner til pressemelding 16.12.22 og til invitasjon om å gi høyringssvar til grunnrenteskatt på landbasert vindkraft. Høyanger kommune støttar departementet sitt utgangspunkt at ein større del av verdiane som vert skapt ved bruk av våre felles naturressursar skal kome lokalsamfunn, kommunane og fellesskapet til gode. Høyanger kommune støttar også at grunnrente på vindkraft på land skal føre til at våre felles ressursar vert meir rettvist fordelt enn i dag. Høyanger kommune støttar vidare at verknadstidspunktet vert sett til 01.01.23. Høyanger kommune støttar også at Grunnrenteplikta skal gjelde for vindkraftanlegg som er konsesjonspliktige etter energilova, og at grunnrenta vert berekna per vindkraftanlegg.
Høyanger kommune kan ikkje støtte den delen av forslaget som går ut på at provenyet for grunnrenteskatten skal fordelast 50% til stat og 50% til kommunesektoren. Kommunane sin 50% del må uavkorta gå til dei kommunane som stiller natur til rådvelde for vindkraft på land. Dette er så konfliktfyllt at ein undergrev legitimiteten til heile ordninga ved å "premiere" kommunanar etter storleik, og ikkje etter kven som faktisk får dei miljømessige ulempene på sine areal. Sjølv energikommisjonen sine anbefalingar om å gi 15% av grunnrenteinntektene til vertskommunane er mykje betre enn finansdept. sitt framlegg.