🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - Grunnrenteskatt på landbasert vindkraft

Møre og Romsdal fylkeskommune

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Møre og Romsdal fylkeskommune gir følgjande uttale til Høringsnotat – grunnrenteskatt på landbasert vindkraft:

1. Økonomiske ytingar til distrikta har i all tid vore ein vesentleg føresetnad for at kommunar har opna for varige naturinngrep og gitt frå seg inntekter frå naturressursane til fellesskapet. Tilstrekkeleg økonomisk kompensasjon er ein føresetnad for at kommunar skal samtykkje i lokalisering av vindkraftanlegg i sin kommune. Difor bør naturressursskatten overførast til vertskapet for kraftanlegget, med ei fordeling på gjeldande kommune og fylkeskommune.

2. Grunnrenteskatten og andre offentlege avgifter må baserast på faktiske inntekter og utgifter i vindkraftprosjektet.

3. Inntektene til vertskommunar og -fylkeskommunar bør aukast i forhold til forslaget. Dei nye inntektene som blir tilført kommunesektoren må gje ei reell auke til vertskommunane og sektoren sine reelle frie inntekter og ikkje berre erstatte andre skatteinntekter og rammetilskott.