Dato: 14.03.2023 Svartype: Med merknad Høyringssvar "Forslag til forskrift om tilskot til bustadstiltak", Fedje kommune Fedje kommune ser dreiinga av tilskotsordninga som positivt og er takksam for at regjeringa vil endre denne. Men, alt vil ikkje nødvendigvis treffe dei minste næringsfattige og inntekssvake kommunane like godt. §§ 3 og 4 i forskrifta kan bli problematisk. For Fedje sin del har ein stor del av bustadbygginga dei siste 40 åra vert gjort av kommunen. Me har ingen aktør som har vært i stand til å reise bustadar for sal/utleige. Formuleringa rundt krava til kommunen er av ein slik art at næringsfattige kommunar utan private investorar og lokale entreprenørar, kan slite med å få reist nye bustadar. Kva er nye bustadskonsept og samarbeidsformer. For vår del har det så langt vert naudsynt at kommunen har vert åleine om utbygging, og det er uheldig om forskrifta skal avgrensa vår moglegheit til tilskot. Mvh Berit Karin Rystad Kommunedirektør Kommunal- og distriktsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"