🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - ny forskrift om tilskudd til samiske medier

Kringkastingsringen

Departement: Familiedepartementet
Dato: 26.08.2025 Svartype: Med merknad Vi viser til høyringsbrev frå Kultur- og likestillingsdepartementet datert 26. mai 2025 og vil med dette levere svar på høyringa om den nye forskrifta om tilskot til samiske medium. Kringkastingsringen er ein ubunden medlemsorganisasjon som arbeider for meir nynorsk, dialekt og samisk i mediebiletet. Organisasjonen vart skipa i 1955. Kringkastingsringen stør i all hovudsak intensjonane i utkastet til forskrift. Det er særs viktig at forskrifta blir tilpassa ein ny og i stor grad digital mediekvardag, og vi er glade for at den nye forskrifta ser ut til å vere ei endring i positiv retning. At tilskotsordningane ikkje berre skal vere knytte til papiraviser, men òg til digitale flater, er ei sjølvsagd forbetring. Sameleis verkar det fornuftig å endre ordbruken frå «sider» til «saker». Mediekvardagen endrar seg raskt, og det må vere eit poeng å gjere forskriftsteksten så plattformnøytral og tidlaus som mogleg. Ei viktig sak for Kringkastingsringen er at regelverket òg tek omsyn til dei mindre samiske språka. Tilskotsordninga må vere med og leggje til rette for at både sørsamisk og lulesamisk skal få betre vekstvilkår. Sjølv om pitesamisk, umesamisk og skoltesamisk i dag er svært små språk i norsk samanheng, er vi glade for at det i høyringsnotatet blir nemnt at tilskotsordninga på sikt kan vere med og revitalisere desse språka. Dette er ein tankegang vi stør heilhjarta. Beste helsing Kringkastingsringen Jógvan Helge Gardar, styreleiar Aksel Torsnes Mehlum, dagleg leiar Kultur- og likestillingsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"