Norsk Målungdom (NMU) organiserer ungdom frå heile Noreg i arbeidet for at alle skal ha høve og rett til å skrive nynorsk, og for å fremje nynorsk, dialektbruk og språkleg mangfald på alle samfunnsområde. Vi vil gjerne kome med innspel til «NOU 2022: 17 Veier inn – ny modell for opptak til universiteter og høyskoler».
Det offentlege har ansvaret ansvar for nynorsk som mindretalsspråk etter § 1 tredje ledd i språklova. Det er flott at utvalet har greidd ut om samisk språk og opptaksreglar som påverkar språket, men utvalet lyt òg ta omsyn til nynorsken. Opptak til høgare utdanning vil for mange elevar og lærarar bestemme kva som er viktig og kva som blir prioritert i grunnskulen og i den vidaregåande opplæringa. Difor vil opptakskrava også påverke statusen og posisjonen til nynorsken.
Vi meiner at ordninga med tilleggspoeng bør halde fram. Vi er for å gje eit ekstra tilleggspoeng for dei som vel å ha nynorsk som hovudmål i den vidaregåande opplæringa. Denne ordninga kan føre til at fleire held på nynorsken på vidaregåande, og hindre taktisk språkskifte. Det er viktig med tiltak for å hindre dette, spesielt fordi den ujamne vurderingsordninga i læreplanane av 2020 kan føre til eit auka taktisk språkskifte, sjå rapporten om språkbyte frå nynorsk til bokmål frå 2022 . Kompetanse i nynorsk er kompetanse som samfunnet har behov for, og dei som vel å ha nynorsk som hovudmål må premierast for dette. I tillegg kan nynorskelevar båe skriftspråka godt, noko som er eit gode for samfunnet. Ordninga må utformast slik at ho sikrar at elevane har nynorsk som hovudmål i praksis.
Utvalet har også føreslege å rekne ut ein gjennomsnittsverdi for karakterar på standpunkt og eksamen. Me er ikkje imot ein gjennomsnittsverdi, men vil påpeike at dette ikkje må nyttast som ei unnskyldning for å fjerne karakterar i norskfaget. Alle karakterane i sidemål, hovudmål og munnleg bør ha lik vekt.
Vi vonar at innspela våre er til hjelp i arbeidet med ein ny modell for opptak til universitet og høgskular, og at nynorsk sin posisjon vil bli styrkt i eit betra opptakssystem.