🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring NOU 2022: 17 Veier inn - ny modell for opptak til universiteter og høysko...

Person som ikke har oppgitt navn (344515)

Departement: Familiedepartementet
Referanse: 344515 Dato: 29.01.2023 Imot forslag om fjerning av realfagspoeng. Ei enkel grunngjeving: Som matematikklærar i vidaregåande skule i 15 år med undervisning på alle nivå i matematikkfaget på studiespes (og yf), har eg ei klar meining om dette. I realfagsmatematikk (1T, R1 og R2) er det utan tvil meir krevande å oppnå god karakter enn i praktisk matematikk (1P og 2P). Når 15-16 år gamle elevar skal velje realfags- eller praktisk matematikk, veit dei fleste ikkje om dei tre år etter faktisk kjem til å søkje utdanning som krev realfagskompetanse. Til dømes er det eindel som vel sjukepleiar- eller lærarutdanning. Då konkurrerer realfagselevar i inntaket med elevar som har tatt 1P og 2P. Som lærar ser eg at ein elev som t.d. har fått karakteren 4 i 1T og R1 er minst like flink i matematikk som ein elev med karakteren 5 i 1P og 2P. Derfor må ein fortsette å gi realfagspoeng for at det skal vere eit rettferdig grunnlag for opptak i utdanning på høgskule og universitet (i utd.som ikkje krev realfag). Dersom ein fjernar realfagspoeng, vil fleire elevar velje vekk realfag! Dei er allerede svært bevisst og tar taktiske valg i f.t. endeleg poengsum på vitnemålet. Om dei vel realfag, er faren stor for at karaktersnittet går ned. Min klare konklusjon: Behold realfagspoenga! Diskutèr gjerne dei andre tilleggspoenga. Om poeng for førstegangsteneste held fram, så er det også samfunnsnyttig med eitt år arbeid i helse/eldreomsorga. Burde det vore poenggivande? Og eg syns 2 tilleggspoeng per år for alder (totalt 8 poeng) er for mykje. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"