Vi ønskjer å behalde realfagspoeng for å sikre rekruttering til realfag, og for å kompensere for at det er vanskelegare å oppnå like gode karakterar i realfag samanlikna med andre programfag.
Føremålet med å innføre realfagspoeng i si tid var at realfagselevar skulle kunne konkurrere på lik linje med andre elevar ved opptak til høgare utdanning som ikkje krev realfag. Ein elev som får karakteren 3 i R1, ville gjerne fått karakteren 5 eller 6 i 2P. Tilsvarande skilnadar kan ein sjå mellom andre fag og realfaga fysikk, kjemi og biologi. Ved å fjerne realfagspoenga vil ein ikkje lenger kompensere for desse skilnadane, og realfagselevar vil dermed stille bak andre ved opptak til høgare studiar. Elevar kjem til å velje vekk realfaga for å ikkje risikere å gå ut med eit dårlegare vitnemål. Fjerning av realfagspoeng vil føre til svekka rekruttering til realfag i vidaregåande skule, og dermed og til realfaglege høgare utdanningar.
Vår klare konklusjon er at ein må behalde realfagspoenga i den nye opptaksmodellen.