Dato: 27.02.2023 Svartype: Med merknad KOM- 020/23 Vedtak: Fjaler kommune har følgjande merknader til framlegg frå Kommunal- og distriktsdepartementet og Olje- og energidepartementet til endringar i energilova og plan- og bygningslova knytt til vindkraft på land: Høyringsmerknad 1: Framlegg til endringar i pbl. § 3-7 er ikkje klare nok. Det vert heller ikkje grunngjeve kva endringane skal bidra til. “Samråd” er ikkje godt nok definert og vil skape uklare situasjonar mellom forvaltingsorgana. “Samråd” burde vore erstatta med “samtykke” frå kommunen. Høyringsmerknad 2: Alle avklaringar etter plan- og bygningslova må det vere kommunen som tek stilling til. Det er naudsynt å vere meir presis på kva som skal inngå i ein områdereguleringsplan. Dei samfunnsmessige vurderingane bør vere kopla til planavklaringa og ikkje til NVE si handsaming av konsesjonen. https://innsyn.onacos.no/fjaler/wfdocument.ashx?journalpostid=2022014614&dokid=296602&versjon=2&variant=A&ct=RA-PDF Kommunal- og distriktsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"