🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring – Forslag fra Kommunal- og distriktsdepartementet og Olje- og energidepar...

Hallbjørn Staurset

Departement: Distriktsdepartementet 1 seksjoner
Før staten og NVE byggjer ein einaste turbin til, bør de få klarheit i kvar eigarskapet til alle dei vindkraft anlegga som allereide er oppført. Ser at regjeringa ikkje har klart å vere tydeleg på dette. Dvs. at når desse skal rivast når den tid kjem, så kan desse vindkraft selskapa berre slåast konkurs og den kommuna og deira skatte betalarar blir sitjande med rekninga. Kvifor er dokke i stat og regjering så totalt blanke i haudet at dette ikkje blir vurdert som sannsynlig ein gong? Veit dokke kor lett det er å slå selskap konkurs?

Ein annan ting er staten sin framgangsmåte i tidlegare saker er under ein kvar kritikk. Sjå Flora kommune foreks. med Guleslettene. Sjå Haramsøya med sin verdifulle kystnatur og raudlista fauna. Sjå Okla på Stad landet kor dei har greidd å setje opp nokre 250 meters turbinar på isbre morene grunn? Berre tida spørsmål før desse kjem til å kollapse. Kva i all verden vart gjort med den rapporten der dei klare anbefalingane var å la Okla og Stad landet i fred. Jau, den greide OED og Tina Bru og gøyme i ein skuff, i allefall sa ho at ho ikkje hadde sett den. Eg kjenner han som sendte den frå NGI, og han var lettare sjokkert at dette ikkje vart tatt til følgje.

Kva med alle erstatning sakene som har vore oppe. Det er mange av vore landsmenn og kvinner som idag har fått rasert verdi av både hus, eigendom, nærområde og ikkje minst fått ein øydelagt livskvalitet, mens staten berre har dura på og sagt at det grøne skiftet må gå sin gang uansett kostnad. Ok. då er det berre å byrje å byggje ut Nordmarka og Østmarka ved Oslo. Lett å kome til med maskin oppover marka, så kan dokke som er så utruleg glade i desse turbinane i Oslo og omegn få sjå dei på nært hold frå Holmenkollen, Kikut stua, og ikkje minst blir det eit flott syn frå Stortinget å sjå opp mot Holmenkollen og dei staselige husa i forgrunnen mens turbinar surrar bak desse, som garantert mistar sin verdi til liks med andre som er ramma. Kanskje er det fleire av dokke som var på NHO festen også, og som jubla for fleire vindkraft utbygging i Norge. Vi på vestlandet vil ikkje ha denne dritten, og ikkje våg å kom opp til Sunnmøre med desse. I staden for kan regjeringa droppe elektrifisering av sokkelen, kutte ut å byggje batteri fabrikkane, det siste og mest greinaløyse ideen er hydrogen fabrikk produksjon til Tyskland???? Kva i helsike er det regjering og storting som er valgt for Norge og nordmenn trur dei er for noko?

Skal ny kraft byggjast ut så kan de modernisere og forbetre allereide utbygde kraftverk i første omgang, deretter kan de byrje å byggje atomkraftverk. Vi har hatt nok idiotiske forslag gjennom fleire år, og som sagt. Hvis Stortinget og regjeringen vil byggje noko meir får de byggje ut rundt dei vindkraft tilbederar som absolutt skal ha opp dette, rundt dei største byane der dei bur, slik at flott natur og flotte folk rundt i landet slepp å få rasert økonomi og livskvalitet fordi dokke i Oslo og omegn synes at dette er så bra. Vi andre nordmenn har sett kor lite staten og NVE tek omsyn til folk i distriktet og køyrer over alle tidlegare råd, for å byggje ut mest mogleg vindkraft som foreks. utbyggjinga oppi Fosen som er kraftig kritisert pga. den hensynsløse utbyggjinga i strid med grunnlova og urfolks interesser.

I det heile tatt er folk over heile landet no så forbanna at eg trur de kjem til å slite med å byggje ut meir på land, og at de har gjort vindkraft upopulært over heile landet med den haldninga som staten og NVE har møtt folk med.

Dessutan er det også totalt uakseptabelt at mange av desse er adressat til skatteparadis som Cayman Island der skammens hus som Obama kalla det har fleire 10 talls postkasse selskap, Liechtenstein, Luxembourg etc. Utruleg kor dokke uansvarlige folk i regjering og storting, har fått landet vårt i ein utruleg vanskelig situasjon.

Vindkraft kjem aldri til å bli fossil fri, for ein treng fossil produksjon for å produsere desse, og dei er ofte produsert i Kina basert på kullkraftverk.

Kort sagt til slutt. Tenk annleis og forsvar norsk sjølvråderett over krafta vår, og gjer jobben de er satt til for å forsvare norske interesser. I dag gjer de ikkje det. 🚩

Hallbjørn Staurset, Ørsta