🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring Forslag om endringer i skikkethetsforskriften i høyere utdanning

Høgskulen i Volda

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Høyringsfråsegn frå Høgskulen i Volda - forslag om endringar i forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning

Høgskulen i Volda (HVO) takkar for moglegheita til å kome med høyringsfråsegn med tanke på forslag til endringar i forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning med høyringsfrist 28.01.2023.

HVO har ikkje merknader til dei nye utdanningane som er spesifisert og som ein ønsker å inkludere i forskriften § 1.

I høve til dagens reglar kan utdanningsinstitusjonane søke departementet om å inkludere utdanningar, og det framgår av høringsnotatet at departementet har motteke ei rekkje forslag i perioden 2021-2022. HVO stiller spørsmål ved om det er føremålstenleg at forskrifta er utforma slik som i dag med utgangspunkt i ei liste over aktuelle utdanningar som vert teke inn etter søknad til departementet.

Ein slik prosess er tidkrevjande og forskrifta blir lite dynamisk. Konsekvensen er at det kan ta lang tid før ein utdanningsinstitusjon får innlemma ei aktuell utdanning i skikkaforskrifta. For å sikre eit dynamisk regelverk kan eit alternativ vere ei ordning i tråd med det som gjeld for krav om politiattest ved opptak til høgare utdanning: Dersom ei ny utdanning krev politiattest bør den også inngå i skikkavurdering. jmf UH lova §4-9 første ledd. (1) I studium der studentar kan kome i kontakt med mindreårige som del av klinisk undervisning eller praksisstudier, kan institusjonen kreve at studentane legg fram politiattest som nemnt i politiregisterloven § 39 første ledd, ved opptak til og undervegs i studiet. I tillegg gjeld særlege reglar om politiattest for bestemte typar yrkesutøving tilsvarande for studentar som deltar i praksisstudium eller klinisk undervisning.

Då kan ein stille krav om skikkaheit i ein del typar utdanningar (ref. dagens liste), men samtidig vert det opna for at utdanningsinstitusjonen sjølv må vurdere om dei andre utdanningane dei tilbyr skal inngå i ei skikkavurdering.

HVO støttar i utgangspunktet forslaget om å innføre skikkavurdering for vidareutdanningar og at etterutdanning ikkje skal vere omfatta. Det er etter vår vurdering viktig at forskrifta vert utforma på ein slik måte at det ikkje er tvil om kva for vidareutdanningar som faktisk er omfatta. Det kan sjå ut til at departementet har hatt helse- og sosialfaga i tankane ved utforminga av bestemmelsen i § 1, 2. ledd, og det er ikkje slik at det nødvendigvis vil vere like «åpenbart» i andre type utdanningar kva som er ei vidareutdanning som fører til ein gitt type spesialisering. Forslaget framstår etter vår vurdering som noko kategorisk. Sjølv om ei vidareutdanning ikkje fører til ei konkret spesialisering, kan det vere utdanningar der studenten har ansvar for – og kontakt med nokre av dei sårbare gruppene i samfunnet. Kva for utdanningar dette gjeld, veit institusjonane best sjølve og må kunne vurdere om det er føremålstenleg med ei ny skikkavurdering på lik linje om det er behov for innlevering av politiattest. Når skikkavurdering vert utvida til å omfatte fleire utdanningar kan det tenkjast at det blir fleire skikkasaker og departementet bør vurdere auka kapasitet i handsaminga av slike saker.

Etter vår vurdering er det både føremoner og ulemper med begge dei foreslåtte alternativa. Alternativ 1 gir eit klarare bilde av korleis vurderingane skal gjerast, og kva for kriterium som er klart definert for den enkelte utdanninga. Ein oversikt utan spesifisering vil kunne gje tvil i høve til lesing og tolking av bestemmelsen.

HVOstøtter forslaget om at studenten får eit medansvar for å opplyse saka og at det kan få konsekvensar for utfallet i saka om studenten ikkje bidreg. Ein slik bestemmelse vil kunne bidra til at studentane i større grad forstår kor viktig det er å bidra til opplysing av saka og dette vil vere til fordel for studenten sine eigne interesser. Det er studenten som sit nærast den aktuelle informasjonen og det er naturleg at det er studenten som legger frem dokumentasjonen. Dersom etterspurt dokumentasjon ikkje vert lagt fram er det ein naturleg konsekvens at dette kan ha tyding for utfallet av saka.

Ordlyden i forslaget er «relevant dokumentasjon». Her kan ein spørje seg om korleis ein skal avgrense og definere kva som faktisk er «relevant dokumentasjon». Slik HVO ser det vil det vere ein balansegang alt med at det er opplysingar som er underlagt teieplikt som det oftast vil vere snakk om i desse tilfella. Her må ein sikre at institusjonane krev inn konkret og nøyaktig den dokumentasjonen som trengst, og at ein ikkje praktiserer etter «kjekt å ha» prinsippet.

HVOstøtter namneendringa frå institusjonsansvarleg til skikkaansvarleg.

HVO støtter dei strukturelle endringane, og ser elles ikkje at endringane medfører ei endring av rettstilstanden. Forslaget til ny paragraf er ryddigare og meir oversiktleg.

HVO støtter forslaget og har ikkje merknader til ordlyden. Forslaget er ei betring i høve til dagens forskrift og HVO meiner det er bra at skikkaansvarleg kan gje informasjon om ein student til andre institusjonar sin skikkaansvarleg og avgrensa til dette.

HVO er samde i departementet si tolking av bestemmelsen når det gjeld vilkår for gjenopptak av utdanning ved utestenging. Institusjonen bør ha høve til å stille vilkår som må vere oppfylt uavhengig av lengda på sjølve utestengingsperioden. Når det gjeld fastsetjing av «hvilke vilkår» som kan stillast, er det etter vår vurdering nødvendig at departementet set opp kriterium for kva som er relevante vilkår. Det er i rundskriv F-2006-14 vist til at relevante vilkår kan vere at studenten går til behandling, legg fram legeattest eller liknande.

Bestemmelsen seier vidare ikkje noko om institusjonane skal fastsetje lengda på utestengingsperioden. Det kan med fordel fastsetjast tydeleg i bestemmelsen kva for kriterium ein skal legge til grunn for å avgjere lengda på uttestingsperioden. Det at bestemmelsen set opp kva som skal leggast til grunn for å avgjere lengda på ein uttestingsperiode, vil bidra til ein meir einsarta og føreseieleg praksis. Det vil då venteleg vere lettare for både institusjonane og studentane å vite kva som faktisk er rettstilstanden.

For oss ser det ut til at departementet sitt forslag i § 12 ikkje er tatt med i høyringsnotatet. Det er derfor vanskeleg å uttale seg heilt konkret om den aktuelle bestemmelsen, men HVO kan knytte nokre kommentarar til departementet sine synspunkt i pkt. 10.2. Etter vår vurdering er ikkje dagens bestemmelse tilstrekkeleg presis og dekkande. Sjølv med den språklege presiseringa i forslaget framstår bestemmelsen uklar og etter vår meining opnar ordlyden «tilsvarende utdanninger» for tolkingstvil.

HVO meiner bestemmelsen bør utformast slik at institusjonen sjølv kan vurdere om uskikkavurderinga i ei utdanning/sak bør kunne få konsekvensar for høvet til å søke opptak til andre utdanningar som stiller tilsvarande faglege og/eller personlege krav i utdanninga, anten gjennom praksis eller yrkesutøving.

Skikkavurderinga og kriteria i skikkavurderinga er samanfallande og like for mange ulike utdanningar og dette talar etter vår vurdering for at utestengingsvedtaket burde omfatte utdanningar som har like/tilnærma likelydande krav. Ikkje minst meiner HVO at omsynet til dei sårbare gruppene talar for ei slik ordning, og etter vår meining må omsynet til den enkelte student vike for føremålet som nettopp er å verne dei svake gruppene. Studentane sitt krav på føreseielege reglar og rettstryggleik må sjølvsagt ivaretakast og HVO meiner eit krav om å presisere aktuelle utdanningar i utestengingsvedtaket i tilstrekkeleg grad vil ivareta desse omsyna.

Eit utestengingsvedtak er alvorleg og inngripande for ein student, men HVO meiner det likevel er viktig å sjå forskrifta i samanheng. Dersom ein student er funne uskikka etter kriteria i § 3 for ein type utdanning og vedkommande søker seg inn på ein annan type utdanning med omtrent likelydande kriterium og får opptak, må ein rekne det som sannsynleg at vedkomande student vil få ein ny skikkasak på den nye utdanninga. Det er god grunn til å stille spørsmål om dette er heldig for studenten. For oss framstår ein slik situasjon som meir belastande og alvorleg for studenten enn om utestengingsvedtaket omfattar fleire typar utdanningar der det vert gjort ein skikkavurdering. HVO meiner difor at institusjonane må få høve til å gjere ein nærare vurdering av kva for utdanningar som skal omfattast ut frå omstenda i den enkelte saka.

Etter vår vurdering bør det gjerast ei endring i høve til totrinnsbehandlinga av skikkasakene slik det er i dag og då særleg ut frå omsynet til saksbehandlingstid. Dagens ordning bidreg til at saksbehandlingstida vert lang og dette er heilt klart uheldig både for studenten og institusjonen.

Nemnda for studentsaker skal forhalde seg til mange ulike reglar, medan skikkanemnda berre skal vurder skikkaheit. Konsekvensane frå utfallet i ei slik vurdering er så alvorleg for den det gjelder at det bør vere ei eiga nemnd og utfallet bør ikkje overprøvast av ei anna nemnd på eigen institusjon.

Eit anna argument er at nemnda for studentsaker skal behandle saker der studenten har merknad på politiattesten, og derfor kan dei få same student til handsaming to gongar.

Det kan vere ulike måtar å endre dagens ordning på, men HVO ser det som viktig at det organet som skal fatte vedtak i første instans har god kompetanse om skikkavurdering. Samstundes er det viktig at organet ikkje blir «for spesialisert». HVO ser det som vesentleg at førsteinstans er organisert slik at ein også tek i i vare omsynet til ein heilskapleg bruk av regelverket og det og sjå saka i eit breiare juridisk perspektiv. Ved at skikkanemnda har ein ekstern representant med juridisk embetseksamen vil ein ivareta dette omsynet. behovet Dagens skikkanemnd er breitt samansett og har fagleg tyngde til å vurdere om studenten er skikka.

I samband med endringane i forskrifta finn HVO det naturleg at departementet også vurderer om reglane i skikkethetsforskriften fungerer etter sitt føremål, og om gjeldande praksis er i tråd med lovgjevar sin intensjon. Føremålet bak skikkavurderinga er omsynet til dei sårbare gruppene og vernet desse skal ha mot å bli utsett for personar som ikkje er skikka til i sin praksis- eller yrkesutøving. Dette omsynet skal etter vår vurdering kome framfor omsynet til den enkelte student og vedkomande sin rett til å fullføre ein bestemt utdanning. HVO stiller likevel spørsmål ved om studentvernet no er det framtredande omsynet i dagens praksis.

Sett noko på spissen så kan det synast som at det er strafferetten sitt beviskrav HVO no er i ferd med å bevege oss opp imot, og ein kan stilles spørsmål om dette er vegen å gå. Skal tunga( tyngda?) på vektskåla vere omsynet til den enkelte student og vedkommande sin rett til utdanning, eller skal HVO verne dei sårbare gruppene? Det er sjølvsagt at institusjonane skal ivareta rettstryggleiken til studenten som vert skikkavurdert, men institusjonane kan ikkje påleggast eit beviskrav oppi mot strafferetten sitt nivå for å få ein sak igjennom i Felles klagenemnd. Etter vår vurdering vil dette gå på kostnad av hovudføremålet bak regelverket som nettopp er å verne dei sårbare gruppene. HVO meiner ein nærliggande konsekvens av dagens praksis er (at?) ein i størst mogleg grad vil unngå å starte ei omfattande skikkasak, og måten ein gjer dette på er ved å rettleie studenten (med stor og kraftig tyngde) ut av utdanninga. I slike tilfelle kan ein stille spørsmål om studenten sine rettar vert ivaretekne i tilstrekkeleg grad.

Fordelen med skikkasaker er nettopp at studenten med god og korrekt rettleiing får tatt tak i utfordringane sine og kan gjennomføre utdanninga. Ved å rettleie studenten ut vert ein institusjon «kvitt problemet», medan studenten kan søke same utdanning hjå ein annan institusjon og studenten har gått glipp av mogleg forbetring.

Det ser for oss ut til at gjeldande praksis no langt på veg set terskelen så høgt at vilkåret «åpenbart» § 10, 1. ledd, 3.setning er tolka ut av loven. HVO ber difor om at departementet i samband med lovarbeidet kjem med ei nærare avklaring knytt til gjeldande rett når det gjelder vilkåret «åpenbart» i § 10, 1. ledd, 3. setning.

Som ein følgje av kompleksiteten i skikkasakene ser HVO det som ein fordel at klageinstansen innehar utdannings- og/eller yrkesfagleg kompetanse ved klagebehandlinga Det bør derfor etter vår meining vurderast om det er føremålstenleg om Fellesklagenemnd i skikkasaker saker vert utvida med fagpersonar frå det aktuelle yrkesfeltet og/eller den aktuelle utdanninga. Dette for å sikre at fagkunnskap og forståing for fag og/eller yrke, samt at dei omsyna som ligg bak skikkavurderingen i den konkrete utdanninga og tilhøyrande yrkesfelt vert godt ivaretatt. Ein utvida fagleg kompetanse kan kanskje også bidra til at Felles klagenemnd får redusert saksbehandlingstida si.