"Å starte på ein annan skule enn den lokale ungdomsskulen har vore livsforandrande. Hadde eg gått der, er det ikkje sikkert eg hadde gått på skulen" (elev, 8.klasse)
Me på 8.trinn på Danielsen Ungdomsskule Frekhaug er ikkje samd med forslaget til regjeringa om å innskrenke fridommen elevar og foreldre har til å velje skular utanfor den offentlege skulen.
Me meiner det er mange tydelege fordeler med at det er eit alternativ til det offentlege.
Først og fremst fortel fleire elevar om ein barneskule prega av dårleg kultur og mobbing. Elevar fortel at dei grua seg til å byrje på den lokale ungdomsskulen. Nokon grunngjev dette med eit dårleg miljø, medan andre fortel om mobbarane dei måtte ha fortsatt skulegongen saman med. Å ha eit alternativ til dette, fortel mange elevar at er veldig viktig for dei. Denne moglegheita må ikkje regjeringa fjerne!
Vidare fortel elevane om at dei kjenner seg tryggare i mangfaldet på ein friskule enn på offentleg skule. Dette gjeld uavhengig av tru, religion, seksualitet og etnisitet. Elevane fortel om opplevinga av at friskulen er meir open for skilnad, og her vert dei ikkje plaga på same måten som tidlegare. Lærarane møter dei òg på ein god måte, uavhengig av kva bakgrunn dei har.
Ofte har friskular litt færre klassar enn dei offentlege skulane. Dette trekk elevane fram som noko veldig positivt for miljøet. På denne måten er det færre elevar, og lettare å bli kjent med kvarandre og trygge på kvarandre. Det hjelper òg at alle elevane kjem som nye på skulen, og får møtt elevar på tvers av små lokalsamfunn. Dette gjer at alle elevane får blanke ark og ein ny start. Uavhengig av korleis barneskulen var, kan dette vera godt for mange.
Fleire elevar seier at moglegheita til å gå på ein annan skule enn den offentlege har vore livsforandrande. Denne moglegheita kan ikkje elevane miste.