🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring om forslag om endringer i privatskolelova og forskrift til privatskolelov...

Cecilie Ladstein Fassotte

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Eg er ueinig i at det skal bli vanskelegare å drive og starte friskuler i Noreg.

Mi erfaring er at friskuler har eit tilbod for dei som fell mellom to stolar og ikkje kjenner seg verken sett eller inkludert i den offentlege skulen. Dette har vi vore vitne til for eit av våre eigne barn, og har opplevd at barnet har gått frå å mistrivast (på off. skule) til å blomstre og lære seg mykje meir på den skulen som valget til slutt fall på.

Eg ønsker å henvise til Menneskerettighetene som er tydelege på at foreldrene har fortrinn til å velge kva undervisning deira barn skal ha (kalla "foreldreretten", artikkel 26-3). Vi som foreldre kjenner våre barn best, og i dialog med våre barn har dei rett til å ha siste ordet om kva slags undervisning dei skal få. Dette er bekreftet og forsterket i senere menneskerettighets- konvensjoner. Det ser vi f.eks. i FNs konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettigheter (artikkel 13-3). Denne knyter retten til å velge skule for våre barn til retten foreldre har til å oppdra sine barn i tråd med eigen religiøs og moralsk overbevisning.

Vi har /har hatt to barn i friskole på barnetrinn og ungdomstrinn, samt på vidaregåande. Vi opplever mangfald i form av at det er unger/ ungdom fra forskjellige sosiale lag og både kristine familer og familer med ei anna religiøs overbevisning som går på friskulane det er snakk om å begrense utbreiing / støtte av.

Vi har også sett begge sider av den offentlege skulen: både av å ha opplevd gode erfaringer sjølv i eigen barndom/ ungdomstid samt den tid vi har hatt eigne unger i off.skule (vi har hatt barn som har gått alle år i den off.skule og, både grunnskule og vgs ) MEN også dei negative sidene. Blant anna har vi opplevd at ein ledelse (i den off. skule) som har hatt eit motstridande trus- og verdisett enn vi , som har opptrådt på ein heller uetisk måte. Vi har også stått på sidelinja til off.skuler der dei flytter elevene til friskuler da det offentlege tilbudet dei har i kommunen er for dårleg og at dei ikkje tar tak i feks mobbe-saker. Istaden for å løyse sakene på den skulen det gjeld så prøver ein å ta andre, slik som friskulene, som opplever ei tilstrøyming der den off. skulen ikkje har nok ressurser eller blir fulgt opp tilstrekkelig.

Eg meiner politikerane bør tenke seg nøye om i denne saka. Kan det vere meir konstruktivt å heller sjekke ut dei offentlege skulane som har problemer med at foreldra tar elever ut? Og heller sjå på kva som kan vere løysinga der, istadenfor å begrense mulighetene som er andre stader, som friskulene?

Eg ønsker vi skal vere eit land som fremjer kunnskap og gleden over å både lære nye ting, men også til å bli eit heilt & godt menneske. Dei som går på skulen og veks opp er jo vår neste generasjon som vi skal gi stafettpinnen videre til og som sjøl skal ta avgjersler.

Eg anbefaler regjeringen åstyrke økonomien til friskulene og sikre dei gode driftsvilkår. Bare på ein slik måte, at både den offentlege skulen og friskuler har tilstrekkeleg med ressurser, klarer vi å oppfostre ein sterk og god generasjon som kan ta (minst) like gode avgjersler som regjeringen kan gjere idag.