Me i elevrådet på Danielsen Ungdomsskule Osterøy er ikkje einige i forslaget til ny privatskolelov og vil ikkje at det skal verta vanskelegare for dei alternative skulane. Me opplever at elevane på skulen vår er vanlege folk som alle er heilt forskjellige. Nokon går her på grunn av vennar, nokon går her fordi det er ein kristen skule, nokon går her fordi dei opplever at dei får betre hjelp her enn på ein annan skule. Her får ein hjelp til det ein faktisk treng.
Mange syns det er godt å gå på ein liten skule. Det er viktig å ha eit val, at det finst alternativ til store skular. Det er godt miljø på skulen vår. Det er veldig dumt visst skulen vår blir lagt ned og ein blir nøydd til å gå på ein annan skule der det ikkje er eit godt miljø. At det er så lange ventelister viser at det er behov for skular som vår.
Det er fint å ha mulighet til å gå på ein kristen skule sjølv om me ikkje alle er kristne, fordi då får me mulighet til å lære meir om det. Og det at lærarane har same syn på ting gjer det trygt for elevane. Lærarane her er flinke til å hjelpe elevane og tilpasse seg til det elevane seier og treng. Politikarane bør komme på besøk og sjå korleis det faktisk er å gå her på skulen vår!