🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - NOU 2025: 3 Ny kulturmiljølov

KIK-samarbeidet i Sunnhordland

Departement: Familiedepartementet
Dato: 15.08.2025 Svartype: Med merknad Svaret er sendt på vegner av samarbeidsprosjektet KIK Sunnhordland, som er eit interkommunalt samarbeid på kulturvernfeltet i regionen. Me har sett med uro på at nyare tids kulturminne har eit altfor svakt vern med dagens lovverk. Det er til dømes vanskeleg for kommunane å hindra riving av kulturminne som ikkje er omfatta av kulturminnelova. Difor ser me positivt på at vernet av bygningar frå før 1850 er styrka i det nye forslaget. Men for det store talet av verna og verneverdige bygg frå etter 1850 vil situasjonen vera den same som før, med eit veldig svakt vern. Me har fleire gonger opplevd at kommunale vedtak om å sei nei til riving har blitt oppheva av statsforvaltaren fordi ein ikkje har lovheimel for å nekta riving. Det må sikrast at det er god samanheng mellom den nye kulturminnelova og det som skal forvaltast etter Plan- og bygningslova slik at ikkje nyare kulturminne fell mellom alle stolar og blir borte på grunn av manglande (eller for komplisert oppbygde) lovheimlar. Klima- og miljødepartementet Til høringen Til toppen