🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - NOU 2022:9 En åpen og opplyst offentlig samtale

Bremanger kommune, Eldrerådet

Departement: Familiedepartementet
Dato: 07.12.2022 Svartype: Med merknad HØYRINGSUTTALE FRÅ BREMANGER ELDRERÅD Uttalen gjeld NOU 2022: 9 «En åpen og opplyst offentlig samtale» Bremanger eldreråd har sett gjennom denne NOU-en og støttar i det store og heile det som vert lagt fram. Vi har likevel nokre få synspunkt vi vil melde frå om. Vi støttar meir opplæring i og bruk av ytringsfridom i skuleverket og at det vert laga ein digital hjelpeportal for dei som kan trenge støtte i krevjande offentlege ordskifte i ulike media. I det heile er det viktig at både unge og eldre får betre kjennskap til i teori og praksis kva ytringsfridom er og innber. Mange unge er digitalt langt dyktigare enn eldre vanlegvis er. Fem til seks hundre tusen eldre har ingen eller låg digital kompetanse og difor dårlegare høve til og å delta i debattar på nett med røysta si. Det kan og gjelde og når det handlar om å skaffe seg viktig informasjon, som og må vere tilgjengeleg på nynorsk. Her vil vi og nemne det vi som eldre ikkje så sjeldan kan oppleve sagt eller skrive: Alderisme. Dette fenomenet opplevast i alle fall som sårande frå tid til anna, rammar ein stadig større del av folket, og forsking syner det er meir utbreidd enn mange er medvitne om. Det bør det vere meir fokus på negative sider knytt til alderismeutsegn i bruken av ytringsfridom som det sjølvsagt skal vere. Til slutt vil vi særleg peike på dette med ytringsfridom i arbeidslivet. I nokre kommunar synest ikkje kunnskapen om ytringsfridom å vere heilt i samsvar med lovverket. Når fagpersonar som er av ei anna meining enn arbeidsgjevar, kan oppleve å få avgrensa sin ytringsfridom som innbyggjar av lojalitetsomsyn, må dette setjast meir fokus på, forbetre opplæringa om ikkje berre i staten men og fylke- og kommune. Tilsette kan kjenne seg krenka og pålagt ei teieplikt dei ikkje har, som kanskje og ikkje ein gong fagforeinga deira ser er feil. Nokre kommunar sine «Etiske retningslinjer» er ikkje i godt nok samsvar med lovverket, og dei kan difor nyttast som maktmiddel i den offentlege debatten og i viktige lokale saker. Det er difor i dag ein større ytringsfridom for tilsette i somme kommunar, men avgrensa i andre på grunn av ulikskap i dei etiske retningslinjene kommunestyret har vedteke. Dette bør det etter eldrerådet si meining ryddast opp i for å styrke ein open og opplyst offentleg debatt. Vi er difor samd med kommisjonen i at dette er eit område det må gjerast noko med – og det så snart som råd – slik at klare reglar for ytringsfridom for tilsette tydeleg vert innarbeidde i Arbeidsmiljølova. For det er viktig for å skape ein så god offentleg debatt som råd innanfor rammene av ytringsfridomen vi er så heldige å ha i dette landet. Kultur- og likestillingsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"