🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - NOU 2025: 3 Ny kulturmiljølov

Klagenemnda for stadnamnsaker

Departement: Familiedepartementet
Dato: 12.08.2025 Svartype: Med merknad Vi viser til NOU 2025: 3 Ny kulturmiljølov som er på høyring. Klagenemnda for stadnamnsaker er eit sjølvstendig organ som avgjer klager etter stadnamnlova (LOV-1990-05-18-11). Formålet med stadnamnlova er «å ta vare på stadnamn som språklege kulturminne, gi dei ei skriftform som er praktisk, og som ikkje skyggjer for meiningsinnhaldet i namnet, og medverke til kjennskap til og aktiv bruk av namna», jf. § 1 første ledd. Stadnamn er altså ei form for kulturminne som har fått si eiga lovregulering. Når det nå er foreslått ny kulturmiljølov, ser vi at stadnamnlova ikkje er omtala. Stadnamn er nemnt berre éin stad, i siste avsnitt i punkt 11.2.3, som handlar om spor etter skogfinsk busetjing. Dette avsnittet gir elles eit svært godt døme på kva for rolle stadnamn kan ha i kulturminnevernet, der det er vist til at gards- og stadnamna Katnosa, Kattisa og Gadiska har namn etter det finske ordet for fellefangst av fisk i ferskvatn. Vi har ikkje merknader til sjølve lovframlegget, men vi ser det som mangelfullt at stadnamna si rolle i kulturminnevernet har så liten plass i grunnlaget for framlegget. Stadnamn er ein nøkkel til å forstå og oppleve kulturmiljø, både det enkelte kulturminnet og kulturlandskapa. I lovforarbeida til stadnamnlova er kulturminneverdien til stadnamn skildra på denne måten: «Stadnamna er ein del av vår felles kulturarv. Dei gir opplysningar om språk, terreng, ferdselsårer, dyreliv, plantevekst, militære varslingssystem, kyrkjeleg styring, folkelege gjeremål, ordbruk, arbeid, tenkjemåte og levevis.» (Prop. 65 L (2018-2019) punkt 3.1 og Prop. 105 L (2014-2015) punkt 2.2) I kapittel 7 i utgreiinga er det gjort ein gjennomgang av anna regelverk om vern av kulturmiljø. Det er presisert at utgreiinga ikkje er uttømmande. Etter vårt syn burde stadnamnlova vore med i ein slik gjennomgang. I utgreiinga er det vektlagt at kulturminneforvaltinga skal sjå dei fysiske kulturminna i kontekst. I definisjonen av kulturmiljø i § 4 heiter det at kulturmiljø er «eitt eller fleire kulturminne og heile det fysiske miljøet der kulturhistoria kjem til uttrykk». Vi vil gjerne minne om at stadnamna er viktige delar av den kulturhistoria som kjem til uttrykk i det fysiske miljøet. Det er tett samband mellom stadnamn og arkeologi, forteljetradisjon, folkeetymologi, religionshistorie og kulturhistorie. Stadnamn gir derfor viktig fagkunnskap når det gjeld kulturmiljø. Stadnamna er viktige for kulturmiljøopplevingar, og vi ser at stadnamna er mykje nytta i formidling av kulturminne og kulturhistorie. Eit døme er nettinformasjon om Vindhellavegen og Sverrestigen ved Borgund i Sogn: «Rundturen går rundt fjelltoppen «Klanten», som truleg har vore ei gamal bygdeborg. Denne bygdeborga har gitt Borgund namnet.» (Rundtur: Vindhella - Sverrestigen - Kongevegen over Filefjell) I tillegg til at stadnamn har kulturminneverdi i seg sjølve, kan stadnamna vera viktige i vurderinga av verneverdi. Stadnamn kan vera avgjerande for i det heile tatt å kunne identifisere og forstå eit kulturminne. Etter lovframlegget § 2 er det kulturmiljø med «høg kulturhistorisk verdi» som kan takast vare på etter lova. Vurderinga av kulturhistorisk verdi blir da viktig. I andre ledd i paragrafen er det presisert at det mellom anna kan leggjast vekt på immateriell kulturarv i denne vurderinga, og her kjem stadnamna inn. Etter vårt syn er det ofte så nær samanheng mellom dei fysiske kulturmiljøa og stadnamna at stadnamn bør nemnast særskilt i merknaden til § 2 andre ledd. I utgreiinga om korleis kulturmiljøstyresmakta identifiserer og vektar kor viktig eit kulturminne er, ser vi i punkt 4.4. at Riksantikvaren legg vekt på om kulturminnet eller kulturmiljøet viser samspelet mellom natur og kultur på ein særleg måte. I ei slik vurdering vil stadnamn kunne gje viktige haldepunkt sidan stadnamna gir det kulturhistoriske landskapet ein språkleg dimensjon. Utan stadnamna blir landskapet vanskelegare å tolke og lese. Omsynet til å bevare tradisjonell stadnamnbruk bør derfor og i seg sjølv ha vekt i kulturminneforvaltinga. Dette gjeld ved vurderinga av kulturhistorisk verdi i verneforvaltinga, men og ved skilting og anna informasjonsverksemd. Stadnamn er truleg den kulturminnetypen som har dårlegast vern i dag. Ikkje minst derfor er det viktig at denne kulturminnetypen kjem med i den framtidige kulturmiljøforvaltinga. Med helsing Sigrid Stokstad leiar Klagenemnda for stadnamnsaker Klima- og miljødepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"