🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - NOU 2022:9 En åpen og opplyst offentlig samtale

Gloppen kommune

Departement: Familiedepartementet
Dato: 15.12.2022 Svartype: Med merknad Gloppen kommunestyre vedtok samrøystes på møtet 13.12.22 følgjande høyringsuttale: Gloppen kommunestyre støttar i store trekk tilrådingane frå Ytringsfridomkommisjonen. Kommisjonen set søkelys på viktige utfordringar vi som samfunn har både lokalt, nasjonalt og også globalt. Vi lever alle i eit informasjonssamfunn med ein rikare tilgang på informasjon enn nokon gong samstundes som det er lettare enn nokon gong å ytre seg. Hets og sjikane er ei stor utfordring i det offentlege ordskiftet som går føre seg i sosiale media og på nett. Konsekvensar for både privat- og yrkesliv, kan vere med på heve terskelen i staden for å senke den og vi misser ein offentleg debatt som kan vere med på å få fram betre løysingar. Kommunestyret peikar på viktigheita av god integrering av alle medlemmar i eit samfunn, er viktig for korleis vi ytrar oss mot våre medmenneske og den einskilde si oppfatning av andre. Slik sett avheng ytringsfridomen og den gode offentlege debatten også saman med andre samfunnsområder. Det vil vere viktig at ein gjennom grunnskulen og vidaregåande utdanning legg større vekt på undervisning i politikk, demokrati og medborgarskap og kvifor hets på nett er ei utfordring for det offentlege ordskiftet. Informasjon vere lett tilgjengeleg og etterprøvbar. Kommunestyret vil peike på at ordskiftet på nett også er avhengig av den individuelle innsatsen og det personlege ansvaret kvar og ein har når ein ytrar seg i det offentlege rom. Kva døme kvar og ein utgjer for den oppveksande slekt, vil ha stor innverknad på korleis born og unge vil debattere og ytre seg i framtida. Kommunestyret i Gloppen meiner det er viktig at kommisjonen sine tilrådingar vert tatt opp politisk på Stortinget. Kultur- og likestillingsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"