🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - NOU 2022: 10 Inntektssystemet for kommunene

Aukra kommune

Departement: Familiedepartementet
Dato: 04.01.2023 Høyringssvar NOU 2022:10 Inntektssystemet for kommunane Innleiing Aukra kommune sluttar seg til Inntektsutvalet sin hovudkonklusjon om at inntektssystemet slik det er i dag i all hovudsak fungerer godt. Kommunen ser derfor ikkje behov for store endringar i inntektssystemet og inntektsutjamning mellom kommunane. Aukra kommune er ikkje samd i delar av utvalet sitt forslag til endringar, spesielt ikkje at ein føreslår eit heilt nytt prinsipp om utjamning av eigedomsskatten. Ekstra urimeleg er det når berre delar av eigedomsskatten skal gå inn i den nye ordninga, og at utjamninga til og med skal kome kommunar som sjølv vel å ikkje ha eigedomsskatt til gode. Verdiar flyttast frå små distriktskommunar til sentrale kommunar Aukra kommune er kritisk til utvalet sitt forslag om at eigedomsskatt på kraftanlegg, petroleums-anlegg mv., konsesjonskraft og havbruksinntektene skal inngå i ein eigen utjamningsmodell mellom kommunane, på sida av den ordinære inntektsutjamninga. Dette er eit heilt nytt og urimeleg grep. Det tek ikkje omsyn til prinsippet om at vertskommunar som stillar areal og ressursar til rådigheit og toler ugjenkallelege inngrep i urørt natur, vert kompensert med eigedomsskatt, vedteke og behaldt lokalt. I tillegg er det sterkt urimeleg at utvalet føreslår at berre nokre av eigedomsskatteinntektene (mellom anna frå ilandføringsanlegg), men ikkje alle kommunane sine eigedomsskatteinntekter (blant anna frå andre næringseigedommar) skal inngå i utjamninga. Heller ikkje utbytteinntekter skal utjamnast. Vidare inneberer forslaget at verdiar overførast frå små distriktskommunar til større kommunar i sentrale strok. Utvalet poengterer sjølv dette under «Samlede fordelingsvirkninger» i NOU-en: « Samlet sett kommer de minste kommunene og kommunene som i dag har de høyeste inntektene, negativt ut av utvalgets forslag, mens mellomstore og større kommuner kommer positivt ut. » Aukra kommune meiner dette vil vere uheldig, og ber om at dette forslaget vert forkasta. Aukra som aktiv vertskommune Aukra kommune er vertskommune for ilandføringsanlegget på Nyhamna, og er klar over at det gjev kommunen gode inntekter frå eigedomskatt. Desse er vi opptatt av å forvalte på ein god måte. Sidan 2007 har kommunen delt 10 % av inntektene med regionen. Dette vert gjort via selskapet GassROR IKS som er eigd av dei 5 kommunane i Romsdal. Gjennom desse åra har ca. 300 millionar kroner blitt fordelt frå GassRoR IKS til samfunnsnyttige prosjekt og næringsutvikling i regionen. I tillegg har kommunen sett av betydelege midlar (pt ca. 750 millionar kroner) til framtidig fastlandsløysing for Gossen, der ilandføringsanlegget ligg. Som vertskommune for eit stort ilandføringsanlegg har det vore ekstra utfordringar knytt til tilrettelegging og beredskap. Å vere vertskommune er gunstig, men også krevjande, mellom anna når det har kome trugsmål mot anlegget. Som vertskommune i utkanten er det også viktig for Aukra å legge til rette for næringsutvikling, både i tilknyting til Nyhamna og elles. Kommunen vil framleis vere aktiv og legge godt til rette for næringsutvikling, men da må inntektsystemet for kommunane gjere dette mogleg. Distriktsnæringsutvalget (NOU 2020:12) poengterte at « Inntektssystemet må gi distriktskommunene tilstrekkelige intensiver for å legge til rette for verdiskapning. Samtidig bør kommunene sikres mest mulig forutsigbare inntekter for å utføre sine velferdstjenester. Naturressursinntekter bør frikobles helt eller delvis fra utjevningsmekanismene i inntektssystemet ”. Forslaget frå Inntektssystemutvalet tek dessverre ikkje tilstrekkeleg omsyn til dette. Aukra kommune meiner dette er uheldig, og at dette òg peikar i retning av at utvalet sitt forslag om utjamning av eigedomsskatten bør forkastast. Aukra kommune støttar NPK sitt høyringssvar Aukra kommune er medlem i Nettverk for Petroleumskommunar (NPK) og støttar heilhjarta NPK sitt høyringssvar. Dette er lagt ved som ein del av Aukra kommune sitt høyringssvar. Dei sju mest kritiske punkta i NKP sitt svar er som føljar: 1. Utvalet sitt forslag inneber meir statleg styring og mindre lokaldemokrati 2. Utvalet sitt forslag truar det grøne skiftet og framskundar sentraliseringa 3. Utvalet sitt forslag inneber ein overføring frå distriktskommunane til dei mest og nest mest sentrale kommunane 4. Utvalet punkterer eit viktig prinsipp og skapar usikkerheit, uføreseielegheit, og motstand mot nye, grøne utbyggingar 5. Utvalet viser til utgreiingar som ikkje vil bli følgt opp, og overser samtidig Distrikts-næringsutvalet og Demografiutvalet sine tilrådingar 6. Utvalet undergrev viktige prinsipp nedfelt i Hurdalsplattforma 7. Utjamning av eigedomskattinntekter for nokre skatteobjekt, men ikkje alle, og til kommunar som ikkje eingong har innført eigedomsskatt er urimeleg For utdjuping av punkta visast det til heile NKP sitt høyringssvar (vedlagt). Oppsummert Aukra kommune oppmodar departementet i det vidare arbeidet med NOU-en å legge langt større vekt på distriktspolitiske omsyn enn utvalet har gjort i sitt forslag. Vedlegg: Høringssvar fra Nettverk for Petroleumskommuner (NPK) Merk Innhaldet i høyringsuttalen frå Aukra kommune er diskutert og støtta i formannskapet, ført i penna av kommunedirektøren og godkjent av ordføraren. Vedlegg Inntektssystemet - høyringssvar frå NPK.pdf Kommunal- og distriktsdepartementet Til høringen Til toppen