Samrøystes vedtak i k ommunestyret i Gulen, sak 103/22:
Gulen kommune gjev slik høyringsfråsegn til NOU 2022: 10 Inntektssystemet for kommunane:
· Gulen kommune er sterkt mot innlemming av kommunale inntekter frå Havbruksfondet i Inntektssystemet. Desse inntektene er nært knytt til aktivitet i havbrukskommunane og bør framleis tilførast desse, slik intensjonen har vore, for at kommunane også framover skal kunne leggje til rette for god og vekstkraftig utvikling.
· Gulen kommune finn det urovekkjande at små distriktskommunar kjem dårleg ut i framlegget til endringar, og meiner det er viktig at desse kommunane får betre utteljing i inntektssystemet og såleis vert sett betre i stand til å skape ei god samfunnsutvikling.
· Gulen kommune vurderer det som viktig at mindre kommunar med høgt utgiftsbehov knytt til ressurskrevjande brukarar får tilført nok ressursar til å sikre eit godt tilbod, og meiner finansieringsordninga framleis bør liggje utafor Inntektssystemet.