Kvam heradsstyre vedtok 8.12.22 følgjande uttale (HST-133/22):
Kvam heradsstyre har følgjande uttale til inntektssystemet i NOU 2022:10:
Kvam heradsstyre ser at det er behov for ein grundig gjennomgang og revisjon av inntektssystemet og analyse av korleis kommunane kan få ei berekraftig utvikling med dei utfordringane kommunane har no, og i komande år. Ei samla vurdering er at inntektsutvalet sine tilrådingar er laga på prinsipielt feil grunnlag når det gjeld naturressursar, i strid med andre utval sine tilrådingar, og ikkje tek nok omsyn til noverande og framtidige utfordringar. Det må gjerast ei ny utgreiing som tek omsyn til dette. I mellomtid bør noverande inntektssystem oppretthaldast. Eit nytt arbeid bør ta omsyn til følgjande:
1. Ikkje vertskommuneinntekter som skatteinntekter i inntektssystemet. Dette er kompensasjonsinntekter naturressurskommunar får, som skal haldast utanfor inntektssystemet. Viser til Naturressurskommunane sin uttale.
2. Ikkje eigedomsskatt som del av inntektssystem. Eit framlegg om at dei kommunane som har innført eigedomsskatt, skal overføra del av dette til kommunar som ikkje har innført eigedomsskatt, er svært urimeleg. Det er også urimeleg med ei ordning der berre eit utval av skatteobjekta er med.
3. Utgreia innlemming av utgiftskriterie for tenester som kommunar pliktar å gje tilbod til, som fastlegeordninga, vertskommune for internatskular, hyttefolk og andre som oppheld seg i kommunen. Skjønsordninga har vorte så redusert gjennom åra, at denne ikkje bør dekka denne type utgifter som er faste over år, men til ekstraordinære høve.
4. Utgreia betre nasjonale løysingar for særskilt ressurskrevjande tenester, som kan få stor påverknad på tenestetilbodet i ein kommune. Innan PLO dekkar tilskotsordninga berre direkte lønsutgifter, og heller ikkje i heile livsløpet. PU-kriteriet bør ikkje endrast før ei slik utgreiing er gjort.
5. Utgreia kva som må til for å få til berekraftig kommuneøkonomi for noverande og framtidige utfordringar, som omfattar klimaendringar og -tilpassingar.
6. Ny vurdering av utgiftskriterier. Det er bra at kriteriet for utgifter til barnehage er endra, slik at det ikkje er knytt til utdanningsnivå, men det nye framlegget, heiltidsstillingar, er heller ikkje bra, då dette bør vera uavhengig av begge.