🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - Grunnrenteskatt på havbruk

Alver kommune

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Høyringssvar frå Alver kommunestyre:

Eit berande prinsipp i norsk forvalting og utnytting av våre felles naturressursar har alltid vore at eigarane og dei som vert råka av inngrep i naturen skal ha noko att for det. Når det gjeld havbruk er alle eigarar, medan dei kommunar der anlegga er plassert yter meir enn andre. Såleis er det god grunngjeving for at dei som utnyttar denne ressursen gjev noko attende. Alver kommune er vertskommune for oppdrettsanlegg. Kommunestyret meiner at fellesskapen skal få tilbake meir av verdiane som vert skapt frå våre felles naturressursar. Ein grunnrenteskatt vil bety at ein større del av overskotet i oppdrettsnæringa går til fellesskapet og sikrar verksemd og verdiskaping i mange lokalsamfunn langs vår lange kyst. Innretninga på grunnrenteskatten må utformast slik at fylgjande tilhøve vert ivaretatt: Mangfald, norsk eigarskap, føreseielege rammevilkår og verdiskapinga i heile landet Små og mellomstore selskap må i hovudsak skjermast Vertskommunane må få ein større del av inntektene enn no og lokalsamfunnna (kommunane) må totalt sitja att med meir enn halvparten av inntektene Det må leggjast til rette for at det framleis vil vera lønsamt å investera innan alle deler av oppdrettsnæringa. Kommunestyret registrerer debatten om kva prising som skal leggjast til grunn for utrekning av grunnrenteskatt og meiner reell pris må leggjast til grunn. Havbruksnæringa er ei viktig næring for kommunen og regionen. Kommunestyret meiner innføringa av grunnrenteskatt må vere føreseieleg for næringa, kommunar og anna verksemd knytt til næringa, dette innbefattar òg utdanningsinstitusjonar som utdannar fagkompetanse både yrkesfagleg og høgare utdanning til næringa.

Kommunestyret stiller seg positiv til at det vert innført ei grunnrenteskatt på havbruk, men vil presisere følgjande:

Prosessen med denne saka har vore dårleg og svært utfordrande å ta stilling til for næringa. Statsbudsjettet blei vedteke 1.12.22 med innføring av grunnrenteskatt frå 1.1.23 dette før høyringa er ferdig og tilbakemeldinger frå næringa og andre intresentar er gitt.

Kommunestyret meiner saka er så prinsipiell at det skulle vore nedsatt eit lovutval med representanter frå organisasjonane, næringa og stat/departement der bla innretninga burde vore klar før innføring for å finne bærekraftige løysingar med grunnrenteskatten.