Bjørnafjorden kommunestyre, har i sitt møte 15. desember, sak 152/2022, avgitt følgande høyringsuttale med 28 av 35 røyster:
Havbruksnæringa, representert ved både oppdrettsselskapa og ei rekkje leverandørbedrifter, er særs viktig for Bjørnafjorden kommune. Næringa gjev sysselsetting, investeringar og utvikling i heile kommunen. Ringverknadane frå næringa er store.
Bjørnafjorden kommune stør ikkje framlagd forslag frå regjeringa om innføring av grunnrenteskatt på havbruk, då dette vil hindre naudsynte investeringar i innovasjon for auka berekraft, redusere bearbeidinga i Norge og gje mindre inntekter til vertskommunane.
Bjørnafjorden kommunestyre meinar at det samla skatte- og avgiftstrykket for våre lokale bedrifter innan havbruksnæringa, samla sett verkar hemmande på næringa ,og vil svekkja næringas internasjonale konkurransekraft. Risikokapital og kompetanse kan som konsekvens over tid bli allokert til andre land. Det er difor viktig at ordninga blir innretta på ein slik måte at det ikkje hindrar nyetablering og/eller utvidingar, eller at det ikkje vert attraktivt å driva havbruksrelatert verksemd i Bjørnafjorden kommune.
Havbruksnæringa er ei av få lønsame næringar som kan gje busetting, arbeidsplassar og inntekter i distrikts-Norge. Bjørnafjorden kommunestyre ynskjer å peika på at det er viktig at ei innføring av grunnrenteskatt på havbruksnæringa blir innretta på ein slik måte at det ikkje bremsar/hindrar investeringsvilja i innovativ bærekraftig utvikling av næringa, lokale underleverandørar til næringa, samt lokal industri.
Bjørnafjorden kommunestyre ynskjer vidare å peika på at nærings- og bustadetablering i kommunen er eit viktig mål for å sikre framtidas velferdsgoder og bærekraftige lokalsamfunn.
Vi ynskjer også frå kommunen sin ståstad å påpeika at det er eit veletablert vidaregåande utdanningstilbod innan akvakultur i Bjørnafjorden kommune som det er viktig å oppretthalda gjennom å sikra at utdanninga også i framtida vil vera attraktiv.
Bjørnafjorden kommunestyre understreker at det er viktig at ei innføring av grunnrenteskatt på havbruksnæringa og naturressursskatt blir sett i samanheng med det arbeidet som parallelt blir gjort med kommunesektoren sitt inntektssystem.
Bjørnafjorden kommunestyre meiner kommunane må sikrast føreseielege inntekter for å setje av nok areal til produksjon av matfisk av laks og aure. Fellesskapet må sikrast ein rimeleg del av verdiskapinga ved at vertskommunane oppnår stabile inntekter gjennom havbruksfondet.
Bjørnafjorden kommune ynskjer å stø oppunder ein variert eigarstruktur som gjev rom for både store og små aktørar i havbruksnæringa. Dersom grunnrente vert innført må;
a.) botnfrådraget settast slik at små- og mellomstore matfiskselskap reelt vert skjerma for grunnrenteskatt.
b.) normpris for laks som grunnlag for grunnrenteskatt endrast til faktisk oppnådd salspris då normpris m.a. råkar den langsiktige kontraktsmarknaden for bearbeida lakseprodukt.
c.) Anlegg med lågare miljøkonsekvensar og høg dyrevelferd, som til dømes lukka anlegg i sjø, bør unntakast frå grunnrenteskatt på lik line med landbasert oppdrett.
Bjørnafjorden kommunestyre meinar at innføring av grunnrenteskatt ikkje kan innførast før føreslegne ordning vert konsekvensutgreidd og får si grundige behandling i Stortinget.