Gloppen kommunestyre vedtok på møtet 13.12.22 samrøystes denne fråsegna utforma av Nordfjordrådet:
Høyringsuttale om forslag til offentleg kjøp av regionale flyruter
Nordfjordrådet er eit politisk og administrativt organ i Nordfjord samansett av kommunane Bremanger, Gloppen, Kinn, Stryn og Stad kommune. Det bur om lag 43.000 i desse 5 kommunane. Ein av våre strategiar er at vi skal utvikle ein felles bu-, arbeids-, leve- og besøksregion.
Forslag om offentleg kjøp av regionale flyruter er no ute på høyring i regi av samferdselsdepartementet. Dokumentgrunnlaget er omfattande og tek omsyn til ulike faktorar som dannar grunnlag for den nye normalen for reisemønster for den neste perioden. Nordfjordrådet er ikkje ein formell høyringspart, pga kortehøyringsfristar vel vi likevel å sende inn våre merknadar.
Nordfjordrådet støttar at den nye reisenormalen som vert lagt fram. Det offentlege og næringslivet har etter to år med pandemi gjort til at møter, kurs og konferansar kan gjennomførast digitalt. Samt at ein ser at det er to drivarar som endrar dette; økonomisk og miljømessig.
Kommunane i Nordfjord arbeider systematisk med å få på plass ei sertifiseringsordninga Merke for berekraftig reisemål . Ut frå kunnskapsgrunnlaget som ein legg til grunn i ruteflygingar for den neste perioden aukar ein passasjerkapasitet i Lofoten. Reiselivet i Lofoten bidreg til auka reisemønster i dette området. For Nordfjord er det viktig at ein opprettheld kapasitet og gjer noko med pris for at å stø opp om reisetilbodet og reiselivssatsinga i Nordfjord.
Florø og Sandane Lufthamn
Vestland fylkeskommune
Elles stør vi opp under uttalen frå Vestland fylkeskommune som er den formelle høyringspart i denne høyringa.