Innspel frå Museum Vest i samband med:
Framtidig forvalting av dei kulturhistoriske eigedomane innan forsvarssektoren
Museum Vest har hatt ansvar for formidlinga i Herdla torpedobatteri sidan 2013. Dei første 5 åra hadde museet ein avtale med Skifte eigedom som hadde som oppgåve å førebu eit mogeleg sal av anlegget. Sidan 2018 har me hatt ein avtale med Forsvarsbygg, region Vest tilsvarande den me tidlegare hadde med Skifte eigedom. Ansvaret vårt har først og fremst vore knytt til formidlinga, men me har også hatt ansvar for tilsyn og lettare vedlikehald og motteke ei årleg godtgjersle for dette arbeidet.
Heilt sidan batteriet opna for publikum i 2013 I samband med ar batteriet opna for publikum i 2013 blei det etablert ei veneforening har museet kunne støtta seg til ei særs kompetent og flittig veneforeining. Dei fleste medlemmene har ei fortid i Kystartilleriet og mange har tenestegjort på Herdla fort. Utan deira kunnskap og støtte hadde det nærast vore uråd for museet å kunne presentert dette komplekse anlegget på ein forsvarleg måte. Veneforeininga har fram til no i oktober 2022 utført meir enn 3600 dugnadstimar – altså meir enn to fulle årsverk.
For Herdla museum er omvisingar i torpedobatteriet ein viktig del av tilbodet. I høgsesongen har me faste guida turar, resten av året tek me omvisingar på bestilling. Ei viktig besøksgruppe er skuleklassar med den kalde krigen på pensum. Me har likeins ofte besøk av ulike avdelingar frå Forsvaret, inkludert eit årvisst besøk frå Sjøkrigsskulen. På årsbasis har det i snitt vore rundt 1500 besøkande i batteriet, noko lågare i dei to åra det var koronarestriksjonar. Me får gode tilbakemeldingar frå dei som er med på omvisingane våre. For mange er det å koma inn i eit slikt «hemmeleg» fjellanlegg ei oppleving i seg sjølv og dei er overraska over at anlegget verkar heilt intakt.
Me opplever at torpedobatteriet har eit langt større publikumspotensiale enn det me har utnytta så langt. Heilt avgjerande i så måte er anlegget si plassering på Herdla fort, eit av dei mest populære friluftsområda i regionen med mellom 40- og 50 000 besøkande i året. Fortet er eit satsingsområde for Askøy kommune som i 2017 fekk reist det nye museumsbygget der Herdla museum held til. Museet har utstillingar om krigshistorie og fugleliv m.m. og med kafe og andre servicetilbod fungerer det som eit knutepunkt for dei som besøker området. Herdla fort er i stadig utvikling i tråd med ei målsetjing om å få plass eit breiast mogeleg spekter av aktivitetar og opplevingar. Såleis er det allereie etablert volleyballbane, disc-golfbane, leikeområde og klatrefelt. Kulturminna i området, både frå 2. verdskrigen og frå Forsvaret sin aktivitet etter krigen, har ei viktig rolle i desse planane og då med Herdla torpedobatteri som eit av hovudelementa.
I rapporten blir det vist til korleis løyvingane til Forsvaret sine kulturhistoriske anlegg er blitt reduserte sidan 2015, med den følgje at vedlikehaldsetterslepet stadig har auka. Dette er noko me også har merka når det gjeld Herdla torpedobatteri. Så lenge anlegget låg under Skifte eigedom var det råd å få gjennomført mindre vedlikehaldstiltak. Etter at batteriet i 2018 blei overført til Forsvarsbygg Vest har dette vorte vanskelegare og dei siste 2 åra har det berre vore rom for heilt akutte tiltak. Slik stoda er pr. no står me i fare for å måtte stenga anlegget dersom det ikkje vert gjennomført naudsynte oppgraderingar av dei tekniske systema knytt til publikumsbesøk. Med bakgrunn i desse erfaringane har me ikkje vanskeleg for å slutta oss til det som er utgangspunktet for denne drøftinga om ein ny eigarstruktur.
Me registrerer at det i rapporten vert trekt eit skilje mellom dei opphavlege nasjonale festningsverka og dei som er komne til i etterkant av Stortingsmelding 54 (1992-93). Når det gjeld dei sistnemnde så vert det vert opna for avhending. Med tilfellet Herdla så er det jo slik at anlegget i 2017 vart freista avhenda i regi av Skifte eigedom. Som eit freda anlegg, der det er vanskeleg å sjå føre seg noko alternativ bruk eller større inntektspotensiale, var det i praksis berre offentlege eigarar som var aktuelle. Med negativt svar frå både Askøy kommune og Hordaland fylkeskommune vart salet lagt daudt. Som Askøy kommune påpeiker i sitt svar så har ein korkje kompetanse eller økonomi til å handtera eit fjellanlegg med stort vedlikehaldsetterslep.
Det er vanskeleg å sjå føre seg at Askøy kommune eller noverande Vestland Fylkeskommune skulle vera meir interesserte i å overta i dag. Å påleggja kommune eller fylkeskommune eit ansvar for statleg eigedom blir ikkje tilrådd i rapporten (jamf. Pkt. 5.6.4). Det alternativet som då står att er ei løysing der det vert etablert eit lokalt eigarskap og at drifta vert finansiert via KUD. Med ei slik løysing ville ansvaret for anlegget vore på ei hand og ein ville unngått dei stort sett fånyttes forhandlingane med Forsvarsbygg om midlar. Ulempa ville vore at ein mista tilgangen til den tekniske kompetansen som Forsvarsbygg har når det gjeld denne typen anlegg. Her må nemnast at Museum Vest både før og etter fredinga i 2013 har hatt eit framifrå samarbeid med Nasjonale festningsverk når det gjeld antikvariske utfordringar. Ei lausriving frå Forsvaret kan også vera uheldig i den forstand at ein misser kontakten med forsvarsmiljøet og at det slik kan bli vanskelegare å rekruttera friviljuge med den spesialkompetansen me så langt har nytt godt av. Dette er same utfordringane ein står ovafor i samband med at delar av Forsvarsmuseet no søkjer samarbeid med dei ordinære kulturhistoriske musea. Her kan nemnast at Museum Vest pr. no er i tingingar med Bergenhus Festningsmuseum om ei konsolidering.
Me sluttar oss til utvalet si tilråding – Alternativ 1; Forsvarsbygg forvaltar i ein ny tilpassa modell. Med øyremerka midlar til dei kulturhistoriske anlegga kjem ein bort frå situasjonen i dag der dei operative oppgåvene (naturleg nok) blir prioriterte framfor verneomsyn. Gjennom at Forsvarsbygg framleis sit med ansvaret sikrar ein at den kulturhistorisk kompetansen som finst i organisasjonen vert vidareført.
Når det gjeld Herdla torpedobatteri tilrår me at anlegget vert vidareført som ein del av den samla festningsporteføljen. Skal batteriet ut av dette selskapet tilrår me ei løysing med finansiering via KUD. Når det gjeld evt. lokalt eigarskap må ein saman med departementet sjå på ulike alternativ.