Høyringsfråsegn om studieavgift for studentar frå land utenfor EØS-området eller Sveits frå Høgskulen i Volda
Høgskulen i Volda (HVO) er sterkt ueinig i Kunnskapsdepartementet sitt forslag om å innføre studieavgift for internasjonale studentar frå land utanfor EU/EØS (såkalla tredjeland ).
Dette med grunnlag i følgjande punkt:
1. Det vil føre til ein kraftig nedgang i talet på internasjonale studentar ved studieprogram ved HVO og andre institusjonar i sektoren. Ein slik nedgang i studenttalet vil truge internasjonalt orienterte studieprogram som t.d. Master in Media Practices ved HVO. Dette programmet er avhengig av global rekruttering og e r pedagogisk basert på eit mangfaldig og heterogent læringsmiljø. Forslaget om studieavgifter vil altså føre til at slike studieprogram vert truga, og om dei overlever, vert fattigare og mindre mangfaldige.
2. HVO er redd for at innføring av studieavgifter for studentar frå utanfor EU/EØS vil føre til færre internasjonale studentar ved dei mindre høgskulane og universiteta i distrikta. I framlegget om studieavgift viser departementet til erfaringane frå dei andre nordiske landa som har innført skulepengar. Der har tala på internasjonale studentar frå utanfor EU/EØS etter kvart returnert til dei nivåa det var før innføring av studieavgift, men bak dette skjuler det seg svært viktige nyanseforskjellar. Erfaringane frå Sverige viser m.a. at dei mindre UH-institusjonane i distrikta ikkje klarer å rekruttere internasjonale studentar på same måte som dei store universiteta i byane [1 ] . Altså har innføring av studieavgifter ført til mindre internasjonalisering ved høgskular i distrikta.
3. Sterk reduksjon i talet på internasjonale studentar vil ha skadeleg effekt på studiemiljø, læringsmiljø og studiekvalitet. Internasjonale studentar bidreg med perspektivrikdom og internasjonale kontaktar/nettverk. I studieprogrammet Master in Media Practices er det t.d. studentar frå utlandet som aller mest ser kva ytringsfridom og pressefridom betyr i praksis.
At ein forventa reduksjon på 70% internasjonale studentar kan bli presentert som noko positivt er nesten sjokkerande for oss. Avviklinga av Kvoteprogrammet i 2015 har allereie gjort at vår institusjon er mindre mangfaldig enn tidlegare, og skulle dette forslaget om studieavgift verte vedteke, vil det truleg nesten ikkje vere studentar frå Det globale sør ved HVO i åra som kjem.
Sjølv om HVO er ein internasjonalt aktiv høgskule, er det framleis 80% av våre studentar som ikkje sjølv reiser ut på utveksling eller praksis i utlandet. Desse studentane er difor avhengig av å møte verda ved heimeinstitusjonen og ein kraftig nedgang i talet på internasjonale studentar vil såleis ramme også lokale studentar som går glipp av viktige impulsar frå omverda.
4. Vi trur ikkje at ein fult ut innser kor viktig internasjonale studentar er for lokalsamfunnet vi er ein del av. Norskkurset (NIS) ved HVO gir kvart år 25-30 internasjonale studentar moglegheita til å gå vidare på norskspråklege studieprogram ved HVO eller finne seg jobb i vårt nærområde. Vi ser at svært mange av våre internasjonale studentar finn seg jobb, anten ved HVO eller i vårt nærområde. Norskkurset ved HVO vil også vere trua av innføring av studieavgifter og igjen ser ein potensielt korleis studieavgifter vil råke rekruttering av studentar og tilgangen på kvalifisert arbeidskraft i vårt distrikt.
5. Vi er svært usikre på om dei økonomiske konsekvensane av forslaget om studieavgifter er godt nok utgreia. Internasjonale studentar bidreg mykje til samfunnet og svært mange av dei blir igjen i Noreg som høgt kvalifisert arbeidskraft. Erfaringane frå våre naboland er også at vert avhengig av omfattande rekrutteringsarbeid og stipendordningar for å få tilbake talet på internasjonale studentar. Vi ser ikkje nokon stad at departementet har rekna på desse utgiftene og heller ikkje sett desse opp mot dei samfunnsøkonomiske konsekvensane av færre internasjonale studentar. HVO er også usikker på kva effekt forslaget om studieavgifter vil ha på administrasjon og byråkrati i UH-sektoren. Det er t.d. uavklara om det er Lånekassen eller høgskulane/universiteta som skal gjere vurdering om fritak frå studieavgifter. Per i dag har UH-sektoren ikkje system eller prosedyrar for slike vurderingar.
Høgskulen i Volda er i mot forslaget om å innføre studieavgifter for studentar frå tredjeland. Før dette vert vurdert må det utgreiast betre og ein må i større grad sjå på konsekvensane det vil ha for samfunnsøkonomi, sentralisering, studiekvalitet og internasjonalisering i UH-sektoren.
[1 ] Bryntesoson & Börjesson, « Internationella studenter i Sverige », 2019, side 66-67. Delmi rapport 2019:4. https://www.delmi.se/media/1xtf3tei/delmi-rapport-2019_4.pdf