🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - forslag til endringer i skipsarbeidsloven - gjennomføring av direktiv (...

Jussformidlingen

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Nærings- og fiskeridepartementet

postmottak@nfd.dep.no

Dykkar dato: 01.09.22

Høyringssvar – forslag til endringar i skipsarbeidslova

Vi viser til høyringsnotat datert 01.09.22 der de ber om svar frå høyringsinstansane til forslag til endringar i skipsarbeidslova.

Jussformidlingen er eit gratis, landsdekkjande rettshjelpstiltak som er drive av vidarekomne jusstudentar ved Universitetet i Bergen. Jussformidlingen har til ei kvar tid 30 tilsette, der 22 sakshandsamarar jobbar fulltid i tillegg til dagleg leiar. Vi tilbyr gratis rettshjelp og juridisk bistand til privatpersonar. Vi arbeider hovudsakleg med rettsområde der sakene er av særleg velferdsmessig betydning, slik som t.d. arbeidsrett. Jussformidlingen bistår mange klientar i ulike arbeidsrettssaker. Departementets forslag vil påverke klientgruppa vår. Vi vil difor knyte nokre merknader til høyringsnotatet.

2. Generelle merknader

Jussformidlingen stiller seg i utgangspunktet positivt til den føreslegne gjennomføringa av DIR/2019/1152(EU) i norsk rett. Endringane ser ut til å føre til meir føreseielege arbeidsforhold for mellombels tilsette. Jussformidlingen har ikkje særskilt kompetanse innanfor rettane til skipsarbeidarar. Det er difor mogeleg det er moment og omsyn vi ikkje har vore i stand til å fange opp i høyringssvaret. Vi vil likevel knyte nokre merknader til enkelte av endringsforslaga.

3. Spesielle merknader

3.1 Skriftleg-vilkåret og elektronisk skriftlegheit– skipsarbeidslova § 3-1 og direktivets artikkel 3

Departementet ber om høyringsinnstansane sitt syn på vurderinga deira knytt til skriftleg-vilkåret i skipsarbeidslova § 3-1. Departementet har vurdert det slik at omgrepet “skriftlig” i skipsarbeidslova § 3-1 er teknologinøytralt og at det difor omfattar elektronisk skriftlegheit. Dette er viktig, ettersom elektroniske arbeidsavtalar blir vanlegare og vanlegare i fleire arbeidsforhold.

Det finst fordelar ved å presisere at elektronisk skriftlegheit er omfatta av ordlyden. Ein kunne då lista opp dei tre kumulative krava til tilgjengelegheit, lagring og notoritet. Ettersom departementet legg til grunn ei forståing av ordlyden i “skriftlig” som allereie omfattar elektronisk skriftlegheit på desse vilkåra, er det likevel ikkje sikkert om ei slik presisering er naudsynt.

Det er usikkert om skriftleg-omgrepet til den jamne arbeidstakar – i og utanfor skipsarbeidsforhold – svarer til departementets forståing av omgrepet. For å unngå misforståingar verkar det difor føremålstenleg å presisere at elektronisk skriftlegheit òg innfrir vilkåret i § 3-1.

Til slutt meiner vi at direkte avklaring om at elektroniske dokument òg er gyldige vil vere i tråd med direktivet, jf ordlyden i direktivets art. 3, andre punktum. Avklaringa vil òg ha rettstekniske fordelar, ettersom ein vil kunne unngå å bruke EØS-konform tolking for å avklare om elektronisk skriftlegheit er omfatta.

3.2 Endringar i skipsarbeidslova § 3-1 – gjennomføring av direktivets artikkel 15

Den føreslegne lovfestinga av ein presumsjons- og bevisbyrderegel ser ut til å kome arbeidstakar til gode. Regelen vil forhindre uføreseielege arbeidsforhold for arbeidstakar, og gjere det vanskelegare å utnytte mellombels tilsette.

Departementets forslag på dette punktet ser ut til å kunne styrkje rettsvernet til arbeidstakarar i mellombelse stillingar. Det er diverre ikkje sjeldan at Jussformidlingen representerer klientar som ikkje har blitt gjorde klare over at stillinga er eller har vore mellombels. Vi opplever at dette tidvis er underkommunisert frå arbeidsgjevar si side.

Endringa vil kome arbeidstakar til gode i slike situasjonar. Utgangspunktet bør alltid vere vanleg tilsetjing når ikkje anna er opplyst. Det er rimeleg at bevisbøra blir lagt på arbeidsgjevar, både når det gjeld spørsmålet om stillinga er mellombels eller ikkje, og når det gjeld stillinga sitt omfang. Dersom arbeidsgjevar har meint at stillinga skal vere mellombels, må han dokumentere at dette var avtalt med arbeidstakaren. Når det gjeld stillinga sitt omfang vil endringa òg vere med på å sikre at arbeidstakaren får vederlag etter det faktiske arbeidet som blir utført.

3.3 Endringar i skipsarbeidslova § 3-2 – gjennomføring av direktivets artikkel 8

Forslaget om at prøvetida skal stå i rimeleg høve til den forventa varigheita til arbeidsforholdet og arbeidsforholdets art vil vere med på å forhindre at prøvetidsordningar blir misbrukte i mellombelse arbeidsforhold av kortare varigheit. Det same gjeld forslaget om å forby ny prøveperiode ved fornying av mellombelse arbeidsforhold, og ved overgang frå mellombels til fast arbeidsforhold. Omsyna bak prøveperiodeordninga gjer seg ikkje gjeldande i slike tilfelle. Ei fornying av prøveperioden svekkjer rettane til den mellombels tilsette. Endringa verkar difor fornuftig.

Kravet om at prøvetida skal stå i rimeleg høve til den forventa varigheita til arbeidsforholdet burde kanskje presiserast ytterlegare. Sjølv om fleksibiliteten kravet opnar for vil vere gunstig frå eit meir overordna perspektiv (særleg mtp konkurransedyktigheita til norske aktørar i bransjen), vil ei presisering av kva som ligg i rimeleg høve-kravet (rimelig forhold), t.d. at det ved eitt års forventa varigheit ikkje kan avtalast lengre prøvetid enn tre månader, sjå fortalen til direktivet (28) .

4. Avsluttande merknader

Jussformidlingen stiller seg bak forslaga, med atterhald om at vi ikkje har særskilt kompetanse knytt til skipsarbeid og difor kan ha oversett relevante moment i endringsforslaga. Vi meiner at kravet til elektronisk skriftlegheit bør lovfestast, hovudsakleg for å tydeleggjere dette overfor arbeidstakar. Som nemnt meiner vi òg at presiseringa vil ha rettstekniske fordelar. Den føreslegne presumsjonsregelen om fast tilsetjing og forbodet mot ny prøvetid er velkomne. Vi meiner endringane vil gje rettane til mellombels tilsette, som er i ein mindre sikker arbeidssituasjon enn fast tilsette, eit løft - utan å gå på kostnad av fleksibiliteten ein gjerne ser på som attraktiv i slike arbeidsforhold.

Eivind Rand Øyre Sakshandsamar

Trygve Mathias Hellenes Leiar, Rettspolitisk utval

Michelle Danker Dagleg leiar